Sena i Jemen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sena
landsby
Land Flag of Yemen.svg Jemen
Guvernement Hadramaut guvernement
Koordinatar 17°49′0″N 51°04′0″E
Kart
Sena i Jemen
17°49′0″ N 51°4′0″ E
Yemen location map.svg
Locator Red.svg

Sena (stundom skrive Senna, Sanaw eller Sanāw) er ein fråflytta oldtidsby i Jemen som ligg i den avsidesliggande austlege Hadramautdalen.[1]

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Sena var ein blømande jødisk by i tida kring Babylonia kring 500 fvt., og ein trur at han var dominert av israelittar som hadde flykta frå Jerusalem under den babylonske invasjonen. Dei kryssa Jordan og inn i Jemen, der dei trudde dei var trygge i dalen i aust, på andre sida av Masilahelva.[1] I følgje hydrologar var det berre mogeleg med jordbruk i den tørre dalen om ein hadde ein dam. Då dammen brast måtte innbyggjarane flytta.

Den britiske antropologen Tudor Parfitt, som spesialiserte seg på jødiske studiar, meinte at Paktarka vart halden i byen ei stund før han vart flytta til Afrika,[2] der israelittane som drog frå Sena slo seg ned langs Limpopo-elva i Zimbabwe. Byen Sena er ofte nemnt i historia til Lemba-stamma; som ein i nyare genetiske studiar har funne ut er etterkomarar etter israelittane.[3]

I dag er den fråflytta byen berre busett fem dagar i året av pilegrimar, og området er underlagt den jemenittiske hæren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]