Hopp til innhald

Senbere Teferi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Senbere Teferi


Statsborgarskap Etiopia
Fødd 3. mai 1995 (29 år)
Jijiga
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommar-OL 2016 – 5 000 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 5 000 meter kvinner

Senbere Teferi (fødd 3. mai 1995) er ein etiopisk mellom- og langdistanseløpar som vann sølvmedaljen på 5 000 meter under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Teferi kneip sølvmedaljen på 5 000 meter ved Friidretts-VM 2015, hårfint framom landskvinna Genzebe Dibaba. Sommaren 2016 sette Teferi personbeste på så vel 5 000 som 10 000 meter. På mila fekk ho notert 30.40,5 i juni, medan ho på 5 000 m kom i mål på tida 14.29,8 ved eit stemne i september. Både i det mellomliggjande Sommar-OL 2016 og i Friidretts-VM 2017 enda ho på femteplass på 5 000 meter. Ho forbetra den personlege rekorden til 14.23,3 i Rabat i juli 2018. 8. juni 2021 gjorde Teferi sitt livs beste løp då ho i Hengelo sprang 5 000-meteren på sterke 14.15,2. Til Sommar-OL i Tokyo i juli månad kom ho som ein av favorittane, men enda på tiandeplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]