Senegambia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Senegambia i Vest-Afrika

Senegambia eller Den senegambiske konføderasjonen var ein laust organisert konføderasjon mellom dei vestafrikanske landa Senegal og Gambia som eksisterte mot slutten av 1900-talet. Konføderasjonen blei etablert den 1. februar 1982, etter ein avtale mellom dei to landa som blei underskriven den 12. desember 1981. Avtalen skulle fremja samarbeidet mellom landa, men han blei avslutta av Senegal den 30. september 1989, fordi Gambia ikkje ønskte ei utvikling mot ein union.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]