Sengebu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sengebu (også sengjabu eller berre bu) er eit gardsbygg som kom i bruk på Vestlandet i mellomalderen. Hustypen vart meir vanleg på 16- og 1700 talet. Sengebu var gjestestove på dei største gardane. Etterkvart fekk og huset funksjon som lagerhus for klede. Kvar person i huset hadde gjerne si kiste der. Sjølv om sengebuda vart nytt til kleslager var her og gjestsenger. Om plassen tillet det var her og sommarsenger for gardsfolket.

Det er liten skilnad på sengebu og stabbur. Det er gjerne berre stabbane som skil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sengabud frå Vanylven. Gavlen nr 1 1990 Sunnmøre Museum og Sunnmøre museumslag
  • «sengebu» i Nynorskordboka.
  • «Bu» i lokalhistoriewiki.no, frå Norsk historisk leksikon 2. utgave, 3. opplag (2004)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]