Senhit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Senhit Zadik Zadik)
Senhit

Fødd1. oktober 1979 (44 år)
FødestadBologna
OpphavEritrea, Italia
Aktiv2005–
Sjangerpop
Instrumentvokal
PlateselskapSony Music Entertainment
Verka somsongar

Senhit Zadik Zadik (fødd 1. oktober 1979), også kjend som berre Senhit (tidlegare skrive som Senit), er ein italiensk songar. Ho representerte San Marino i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Ho hamna på 16.-plass av 19 bidrag i den fyrste semifinalen og kvalifiserte seg ikkje til finalen. Senhit skulle ha representert San Marino på nytt i 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Freaky!». 18. mars 2020 avlyste EBU tevlinga på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1] Ho skal i staden representere San Marino i Eurovision Song Contest 2021.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Senhit er fødd og oppvaksen i Bologna i Italia av eritreiske foreldre. I slutten av tenåra drog ho utanlands til Sveits og Tyskland og spelte i musikalar som Fame, The Lion King og Hair.[3]

I 2002 drog ho attende til Italia for å starte artistkarrieren sin. Ho slapp debutalbumet sitt, Senit, i 2006 og følgde opp med eit nytt album, Un tesoro é necessariamente nascosto, året etter. Blant singlane på albumet var «La mia cittá é cambiata», «La cosa giusta» og «La faccia che ho». I 2009 slapp Senhit sitt tredje album, det engelskspråklege albumet So High. Same år debuterte ho som tv-programleiar for Urban Charts på HIPHOPTV.[4]

I 2011 representerte ho San Marino i Eurovision Song Contest, som vart arrangert i Düsseldorf.[3] Ho deltok i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai med songen «Stand By». Den gjekk ikkje vidare til finalen, etter å ha hamna på 16.-plass i semifinalen.

Same år slapp ho ein ny singel, «Through the Rain», og i april 2012 følgde ho opp med singelen «AOK». I 2014 var ho fast gjest i sundagsprogrammet Domenica Live på den italienske tv-en-kanalen Canale 5. Ho har òg opptredd på klubbar og småscener rundt i om Europa og USA.[5]

I mars 2020 kunngjorde den sanmarinske kringkastaren San Marino RTV at Senhit skulle representere landet på nytt i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland.[6] Ho skulle ha delteke med songen «Freaky!». På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse tevlinga for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[7] Ho skal i staden representere San Marino i Eurovision Song Contest 2021.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Granger, Anthony (6. mars 2020). «San Marino: Senhit To The Eurovision Song Contest 2020». Eurovoix (på engelsk). Henta 6. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Eurovision 2021: Senhit will represent San Marino». wiwibloggs (på engelsk). 16. mai 2020. Henta 24. mai 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Senit to represent San Marino». Eurovision.tv. 3. februar 2011. Henta 3. februar 2011. 
  4. «Senhit drops new single "Un Bel Niente"». ESCXTRA.com (på engelsk). 14. september 2019. Henta 7. mars 2020. 
  5. Rtv, San Marino (6. mars 2020). «Senhit in gara all'Eurovision Song Contest 2020 in rappresentanza di San Marino!». San Marino Rtv (på italiensk). Henta 7. mars 2020. 
  6. «Senhit to represent San Marino again!». eurovision.tv. 6. mars 2020. Henta 7. mars 2020. 
  7. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst». NRK (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.