Senja kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Senja kommune
kommune
Kommunelogo
Land  Noreg
Fylke Troms
Adm.senter Finnsnes
Areal 1 953,81 km²
 - land 1 862,84 km²
 - vatn 90,97 km²
Folketal 14 894  (1. januar 2024)
Ordførar Geir Inge Sivertsen (H)
Kommunenr. 5530
Kart
Senja kommune
69°04′50″N 16°48′11″E / 69.0806°N 16.8031°E / 69.0806; 16.8031
Wikimedia Commons: Senja kommune

Senja kommune er ein kommune i Troms fylke. Kommunen vart til frå 1. januar 2020, ved samanslåing av kommunane Berg, LenvikTorsken og Tranøy,[1] og omfattar øya Senja, nokre mindre omliggande øyar og eit stykke av fastlandet mellom Gisundet og Malangen. Finnsnes på fastlandet er største tettstaden og administrasjonssenteret i den nye kommunen. Tettstader på øya Senja er Gryllefjord, Torsken, Senjahopen, Vangsvik, Silsand, Gibostad og Husøy.

Skipinga av Senja kommune begynte i 2016 med at dei Høgrestyrte kommunane Lenvik og Tranøy avgjorde å slå seg saman til ein kommune i 2020.[2] I Berg kommunestyre vart det fleirtal for å slutte seg til ei framtidig avgjerd av Stortinget, i samband med ei nasjonal kommunereform, medan Torsken ønskte å halde fram som eigen kommune.[3] I 2017 kom eit stortingsvedtak om å slå dei fire kommunane sammen til nye Senja kommune.[4]

Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019 vart det for første gong valt representantar til kommunestyret i Senja kommune. Tom-Rune Eliseussen frå Senterpartiet fekk ordførarvervet.[5]

Folk frå Senja[endre | endre wikiteksten]

  • Ottar Brox (f. 1932), politikar, sosiolog, sivilagronom (Torsken)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Senja - kommune». Store norske leksikon. 20. september 2019. Henta 13. november 2019. 
  2. «Folket sa nei, men politikerne sa ja». Nordlys. 25. oktober 2016. Henta 18. november 2019. 
  3. «Senja-kommunene slås saman med tvang». Nordlys. 29. mars 2017. Henta 18. november 2019. 
  4. «Senja-kommunene tvangssammenslått». Folkebladet. 8. juni 2017. Henta 18. november 2019. 
  5. «Historisk øyeblikk for Eliseussen og Senja». Folkebladet. 31. oktober 2019. Henta 13. november 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.