Senjahopen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Senjahopen
Senjehopen
tettstad
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Senja
Areal 0,35 km²
Folketal 257  (2023)
Folketettleik 734 / km²
Postnummer 9386 SENJAHOPEN
Preposisjon i Senjahopen
Kart
Senjahopen
69°29′46″N 17°29′00″E / 69.496111111111°N 17.483333333333°E / 69.496111111111; 17.483333333333
Wikimedia Commons: Senjahopen

Senjahopen, også skrive Senjehopen, er ein tettstad og eit fiskevær i Senja kommune i Troms. Tettstaden ligg ved Hopsvatnet, ein sørgåande arm av MefjordenSenja, og har 257 innbyggjarar per 1. januar 2023.

I fiskeværet, som har ei god naturleg hamn, er størsteparten av sysselsettinga knytt til fiske, fiskeoppdrett og fiskeforedling. Senjahopen har to vegsamband til Silsand ved Gisundet på innersida av Senja, ein via fylkesveg 862 og fylkesveg 861 over Mefjordbotn og Gibostad og ein annan via fylkesveg 862 og fylkesveg 86 over Ersfjorden, Bergsbotn og dei sentrale delane av øya. Frå Silsand fører fylkesveg 86 i bru over Gisundet til Finnsnes på fastlandet.

Namnet kjem av Senja, og norrønt hóp, 'smal, (innestengt), vik' og siktar til Hopsvatnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]