Senjamål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Senjamål femner dei tradisjonelle nordnorske målføra i Troms, det vil seia frå Kvæfjord, Skånland og nordover til grensa med Finnmark, med atterhald av dei i Bardu og Målselv, som ættar frå austlandske dialektar, og dei på Finnmarksvidda.[1] Dialektane er i dag sterkt påverka av bymålet i Tromsø, hovudstaden i området, og dermed bokmål. Likevel finn vi mange særdrag som syner tilbake til eit eldre språk, særleg på Senja.[2] Det finst veldig fåe kjelder om målet før kring 1800.

Målmerke i høve til nasjonale målmerke[endre | endre wikiteksten]

Som andre nordnorske dialektar har senjamål:

Derimot har ikkje målet so mykje apokope som dialektane sørover.

Senjamål i høve til andre nordnorske dialektar[endre | endre wikiteksten]

Som sagt tidlegare har ikkje dei tradisjonelle målføra so mykje apokope som dei i Nordland, men han trenger seg inn i sør[4].

  • Målet skil seg mellom dei i Sør- og Midt-Troms og hine når det gjeld e-/a-mål og e-mål. Dei sørlege er e-/a-mål, det vil seia at svake hokjønnsord får endinga -a i ubunden form (ei gryta, ei visa) men -e i infinitiv (å hoppe, å kaste). Dei nordlegare er e-mål, og alle desse ord får -e i utljod (ei gryte, ei vise, å hoppe, å kaste).
  • Målet skil ikkje sterke og svake hokjønnsord, det vil seia at klokke og sol begge får -a i bunden form (klokka, sola).
  • Eldre språk på Senja har spor av svarabhaktivokal i grunnform av adjektiva (ein fin'e båt, ein stærk'e kar). Dette finst ikkje iblant yngre språkbrukarar.[3]

Særmerke[endre | endre wikiteksten]

Pronomen[endre | endre wikiteksten]

Dialektane har mykje til felles, men pronomena skil seg ofte frå kvarandre. Fleire i aust har former nærare bokmålet, det vil seia noko som liknar jæi, du, hun, han, de, vi, dere, di/dem.

Ubunden artikkel er tradisjonelt en, og har truleg vore slik i veldig lenge. Ragnvald Iversen trur ordet var utan diftong alt frå innføring av talordet til ubunden artikkel i sein gammalnorsk tid.[5]

Pronomen i troms- og finnmarksmål
Eintal Fleirtal
nom. dat./akk. gen. nom. dat./akk. gen.
1. pers eg, e

æg, æ

meg, me

mæg, mæ

min, mi, mitt, mine

min, mi, mett, mine

vi åss vårres
2. pers du deg, de

dæg, dæ

din, di, ditt, dine

din, di, dett, dine

dåkker dåkker dåkkers
3. pers ho ho hennes di, dem, dæm di, dem, dæm dæmmes
hannj hannj hannes
de, dæ de, dæ sin, si, sitt, sine

sin, si, sett, sine

Særord[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelle ord har mykje sams med andre nordnorske dialektar.[6][7]

Dialektord Nynorsk
Kallj el. kar Mann
Kånna el. kjærring Kvinne
Glunt Gut
Veikja Jente
Svang Svolten
Medkvært Stundom, av og til
Ald (ut. A:lj) Maktlaus av di ein ikkje har ete
Amper Hissig
Forfærd Svært overraska
Oksedryg Uforfærd, utholdande
Forhutelig Kritikkverdig, ubehageleg, avskyeleg
Å ruddenere Å ruinere
Ei bogn Bønne
Å fli om el. å vøle om Å reparere
Fæg Dødsmerkt
Å lyge Å seie noko usant. Merk at ordet er ditransitivt, dvs. det treng indirekte objekt. "Lyg meg ikkje opp i auan!"
Gjessen Utett
Gressen Som har opningar
En resskattpeis Lite høveleg (for liten) reiskap
Å lemne Sette, legge noko igjen
Ei hei Lågt fjell
En musgjeldar Kniv som er uvand (for liten) i høve til bruken
Idig Flittig
Å ri/rie åt el. i hop Å stramme til
Lang lei Lang avstand
En sess Noko ein kan sitte på
Snøgg Rask
Ufysen Ubehageleg
Ei attkippa Ein stad der vatnet blir kasta tilbake
Å bjelme Å drikke så fort/kraftig at munnen ikkje tar unna, og ein søler
Argsint Ilsken, aggressiv

Verbbøying[endre | endre wikiteksten]

Verbbøying har mykje sams med nynorsk. Nokre få dialektar har spor av jamvekt.[2] Dei fleste verb som på nynorsk har utljod i presens perfektum med -tt har -dd (gått > gådd).

Verbbøying på senjamål
Klasser Nynorsk Infinitiv Notid Fortid Presens perfektum
Uregelrette verb å gjere å gjære gjær gjorde har gjort
å vete å vette veit vesste har vesst
å sjå å sjå ser såg har sedd
å leggje å legge legg la har lagt
å liggje å ligge ligg lå(g) har logge
å drive å drive driv dreiv har drivd
å lese å lese læs læste har læst
å skyte å skyte skyt skøut har skådd
Sterke verb

Klasse 1

å bite å bite bit beit har bette
å gripe å gripe grip greip har greppe
Sterke verb

Klasse 2

å flyge å flyge flyg fløug har fløgge
Sterke verb

Klasse 3

å finne å finnje finnj fannj har fonnje/funnje
å drikke å drikke drikk drakk har drokke
Sterke verb

Klasse 4

å kome å komme kjæm

(nyare: kåmmer)

kom har komme
å bere å bære bær bar har borre
å drage å drage dræg drag har drogge

(eldre: har dri'e)

Sterke verb

Klasse 5

å gje å gje gjer ga har gjedd
Sterke verb

Klasse 6

å fare å fare fær fór har forre
å vekse å vækse væks vaks har vokse
Sterke verb

Klasse 7

å gå å gå går gjekk har gådd
Svake j-verb å selje å sælle sæll sælte har sælt
å spørje å spørre spør sporte har sport
å symja å sømme sømm sømte har sømt
Svake e-verb å vise å vise vise viste har vist
Svake a-verb å kaste å kaste kaste kasta har kasta
Svake kortverb å tru å tru trur trudde har trudd
å bløde å blø blør bløde har blødd

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vaa, Anders, 1978-, Dialektboka, ISBN 978-82-430-0994-3, OCLC 962070960, henta 4. mai 2020 
  2. 2,0 2,1 Stangnes, Helge (5. april 2019). «Senjamålet». Målbryting (4). ISSN 1500-8576. doi:10.7557/17.4733. 
  3. 3,0 3,1 Elstad, K. (1982). Nordnorske dialektar. Tove Bull & Kjellaug Jetne (eds.), Nordnorsk: Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, 11-100.
  4. Bull, T. (1996). Målet i Troms og Finnmark. Nordnorske dialektar, 157-174.
  5. Iversen, Ragnvald, 1882-1960. (1913), Senjen-maalet; lydverket i hoveddrag., I kommission hos J. Dybvald, OCLC 25835850, henta 7. juli 2020 
  6. Steen, Marcus Frederik (Institutt for språk og litteratur,), Ordsamling fra Carlsøe 1835 : utg. i forbindelse med 25-årsjubiléet for Universitetet i Tromsø, ISBN 82-90423-19-5, OCLC 473621126, henta 4. juli 2020 
  7. Nymo, Steinar, author., Ikkje så galle?, ISBN 978-82-300-1090-7, OCLC 890324175, henta 4. juli 2020