Senjamållaget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Senjamållaget er eit dialekt- og mållag i Troms fylke. Laget arbeider for å fremme bruk av senjamålet, som er det utbreitte målføret på øya Senja og i kystområda i Midt- og Sør-Troms. Laget er med i Noregs mållag og Troms og Finnmark fylkesmållag.

Senjamållaget blei skipa 10. september 2015. Første leiar av laget er Steinar Nymo. Laget har 27 medlemmar per februar 2016.

Lagsarbeid[endre | endre wikiteksten]

Senjamållaget er ein sjølvstendig språkpolitisk aktør som mellom anna arbeider for å ta vare på senjamåltalande sine interesser innan Noregs Mållag, andsynes Språkrådet og andre. Laget har òg sett seg føre å få til ein einheitlig skrivemåte for dialekten. Som førearbeid til det har laget starta opp ein grensegang mellom den nynorske skriftnorma frå 2012 og talt senjamål. Ein del av det laget arbeider med har tilknyting til stoffet i «Ikkje så galle?», ei ordsamling skriven av Steinar Nymo.

Laget har ein del av medlemmane sine så langt unna at det er uråd for dei å fysisk møte på laget. Det er derfor lagt opp til at medlemmane kan gjere sine interesser, inklusive forslag og votering ved lagsmøte gjeldande ved skriftlig melding til laget si e-postadressa, seinare til laget si heimesida.

Senjamållaget ønskjer å trekke med språkinteresserte personar, artistar og kulturtiltak som revygrupper, kor og anna inn i prosessane i laget. Der er derfor lagt til rette for eit forenkla medlemskap som ikkje inkluderer medlemskap i anna enn lokallaget.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]