Senjatrollet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Senjatrollet med trollkjerringa til høgre.

Senjatrollet var eit byggverk og ein turistattraksjon som låg på Finnsæter på Senja i Troms. Det opna i 1993 og var ein del av Hulder- og trollparken, som i tillegg til sjølve trollet også hadde attraksjonar som Hulderheimen med tinnsmie og galleri. Inne i trollet var det to etasjar med diverse innslag henta frå lokale eventyr og segner. I 2007 vart det bygd ei trollkjerring på venstresida av trollet med ein sal inni der var er stelt til underhalding. 28. mars 2019 tok begge trolla fyr og brann ned i løpet av få minutt.[1]

Senjatrollet var 17,96 meter høgt og vog 125 000 kg. Trollkjerringa attmed var 14,04 høg og vog 74 500 kg. I 1997 vart trollet registrert i Guinnes rekordbok.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Turistattraksjonen «Senjatrollet» er nedbrent: – En tragedie». NRK. 28. mars 2019. Henta 29. mars 2019. 
  2. «En eventyrverden». Kortreist. Henta 14. juni 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]