Senketunnel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tversnitt av ein senketunnel, markert med grått, som ligg i ei renne i sjøbotnen. Attfyllings-massane på kvar side er markert med grøn-gult og den steinfyllinga oppå som skal halde tunnelen på plass og verne han mot skadar, er synt på toppen av tunnelen. Over dette breier det seg blått sjøvatn.
Ferdige seksjonar av senketunnelen Tweede Coentunnel Bouwdok Barendrecht i Nederland, bygd i ei grop som ligg under vassflata, utgrave for å nyttast som byggjeplass. Seksjonane er tetta i endene, slik at gropa kan opnast mot vatnet og fyllast, og seksjonane deretter slepast ut og på plass.

Senketunnel er ein undersjøisk veg- eller jarnbanetunnel som er laga på land som ferdige seksjonar i stål eller betong, til dømes bygd i ei tørrdokk, og deretter dregen i overflatestilling over sjøen eller vatnet til staden der tunnelen skal gå, der seksjonane vert senka ned i ei renne som er graven ut i sjøbotnen på førehand. Her vert seksjonane skøytt vasstett saman, og steinfyllingar eller betonggfyllingar vert nytta for å hindre at han flyt opp att, og elles sytt for at han får ei tyngd som gjer han stabil. Slik ballast vert anten lagt i botn av tunnelen eller oppå han.

Senketunnelar er vanleg å nytte der vatnet er grunt og botnen er av lausmassar som gjer at ein ikkje kan sprengje ut tunnelen i fjell, slik det elles er vanleg med undersjøiske tunnelar. Senketunnelar kan nyttast i kombinasjon med undersjøiske fjelltunellar på strekningar av traseen dersom botntilhøva gjer dette naudsynt.

Skansentunnelen i Trondheim er den fyrste senketunnelen som vart bygd i Noreg, men det var senketunnelen på tunnelstrekninga under vatnet i Bjørvika i Oslo som vart teken i vanleg bruk fyrst.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]