Sentraldistribusjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sentraldistribusjon ANS er ei verksemd med tilhald i Oslo og på Skarnes som lagerførar varar, framfor alt bøker, på vegner av bokforlag, internett-bokhandlar og bokklubbar for å sende varane ut til bokhandlarar, private kundar og medlemar av bokklubbar etter kvart som tingingane kjem inn.

Forlaga, om lag 180 i talet, er den største gruppa som Sentraldistribusjon leverer lagrings- og distribusjonstenester for. Ettersom produktutvalet i ein bokklubb ofte femner om hobbyartiklar, produkt til hus og heim og gåveartiklar, kan verksemda òg lagre og distribuere dette, og kan dessutan stå for spesial-emballering, ulike pakke-produkt, innlegging av informasjonsmateriell i utsendingane og anna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]