Sentralisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sentralisering er ein måte å organisere eit samfunn på der aktivitetane og institusjonane vert konsentrerte i eit geografisk område.

Omgrepet har ulike tydingar. I statsvitskap refererer sentralisering til konsentreringa maktene til styresmakta, både geografisk og politisk, i ei sentral styresmakt.

Sentralisering[endre | endre wikiteksten]

Historia til maktsentralisering[endre | endre wikiteksten]

Maktsentralisering er definert som ei systematisk og konsekvent konsentrering av styremakt på eit sentralt punkt, eller hjå ein person i ein organisasjon.[1] Idéen vart fyrst introdusert i Kina under Qin-dynastiet. Qin-styresmakta var byråkratisk på eit høgt nivå og var administrert av hierarkiske funksjonærar som tente den fyrste keisaren Qin Shi Huang.[2] Qin-dynastiet utøvde alt som Han Feizi lærte ut. På dette viset kunne Qin Shi Huang eige og styre alle landsområda sine (inkludert dei der han hadde teke over andre land). Seinare vart føydalismen i Kina fasa ut av keisar Zheng, med innføringa av nye lover og vedtekter. Dette var under oversyn av ei sentral, byråkratisk regjering, med streng maktsentralisering.

Eigenskapane til maktsentraliseringa i det gamle Kina.[endre | endre wikiteksten]

  • Herskaren si makt er suveren i imperiet. Keisaren monopoliserte alle ressursane i landet; personlegheita og evnene hans bestemmer over landet sin velstand. Dette autokratiske systemet tillét raskare avgjerdsprosess, og hjelpte å unngå komplekse løysingar når problem oppstod. Ei av ulempene med denne typen organisering, var at medlemmane av hoffet som konkurrerte for keisaren sin favør, kunne samle på makt, som førte til mykje strid.[3]
  • Administrasjonen var særs sentralisert. Oppgåvene til dei ulike organisasjonane var ikkje tydeleg avgrensa, som førte til mykje ineffektivitet.

Konseptet om maktsentralisering[endre | endre wikiteksten]

Makt kan delegerast med hjelp av vedtak om implementering. Makta til å avgjere kan på dette viset delast opp takka vere maktdelegering.

Vedtak om maktsentralisering kan tre i kraft med ein gong, dersom total konsentrering er garantert på avgjerdsnivået.

Sentralisering kan innførast på stillings- eller organisasjonsnivå. Avgjerdsmakta skal haldast av få individ.

Fordelar og ulemper med maktsentralisering[endre | endre wikiteksten]

Maktsentralisering inneber ulike fordelar og ulemper:

Fordelane er blant anna:

  1. Pliktene er tydeleg definert i det sentrale regjeringsorganet.
  2. Avgjerdsprosessen er direkte og klar.
  3. Dei sentrale styresmaktene opprettheld ei brei interesse i å få staten til å fungere, fordi dei ville få nytte når makta eller rikdommen aukar.[4] På denne måten er motivasjonen til både staten og herskaren dei same.

Ulempene er blant anna:

  1. Avgjerdene kan lett verte misforstått i innføringsprosessen, og lågare administrasjonsnivå har ikkje avgjerdsmakt, og er difor avhengige på at det overordna leddet er både effektiv og velorganisert.
  2. Merksemda og stønaden frå kvar avdeling er ikkje nødvendigvis balansert.
  3. Forseinkingar i informasjon kan føre til ineffektivitet.
  4. Ueinsemd om økonomi- og informasjonsfordeling mellom det sentrale området og dei andre delane av landet er atskillege.
  5. Aktørar på det lokale nivået vert ekskluderte frå styringa som fører til at den sentrale regjeringa har vanskar for å oppretthalde makta ansvarleg, for å løyse usemje eller opprette effektive handlingsprogram som krev lokal kunnskap og ekspertise.[5][6]

Økonomisk sentralisering[endre | endre wikiteksten]

Tilhøve mellom sentralisering og kapitalisme[endre | endre wikiteksten]

I boka Imperialismen som kapitalismens høgste stadium skreiv V.I. Lenin: «Den særs raske konsentrasjonen av produksjon i stadig større verksemder er eit av dei mest karakteristiske trekka ved kapitalismen.»[7] Lenin forska på produksjonsutviking og skildra produksjonskonseptet som eit sentral rammeverk som baserer seg på enkelte individ og små verkstadar til store fabrikkar, som leiande makt for kapitalismen i verda. Denne tankegangen er ført av idéen om at med ein gong produksjonskonsentreringa utviklar seg til eit viss nivå, vil det automatisk leie til eit monopol der politiske parti vert oppretta av kartell, syndikat og trust.

  • Kartell - I økonomi er kartell eininga mellom konkurrerande foretak, for å styre prisar, og ekskludere at nye konkurrentar kjem inn på marknaden. Det er ein formell organisasjon av seljarar og kjøparar, som har semje om å fikse prisane, eller å redusere produksjon via ulike taktikkar.[8]
  • Syndikat - Eit syndikat er ei sjølvorganiserande gruppe, som er oppbygd av individ, firma or andre einingar, for å nå delte interesser.
  • Trust - I ein trust styrer ei gruppe trustees over eigedommen som tilhøyrer trusten.[9] «A trust is . . . simply the case of one person holding the title of property, whether land or chattels, for the benefit of another, termed a beneficiary. Nothing can be more common or more useful. But the word is now loosely applied to a certain class, of commercial agreements and, by reason of a popular and unreasoning dread of their effect, the term itself has become contaminated.»[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Acharya, A. (2012). What are the advantages and disadvantages of centralization of authority ?. [online] Preservearticles.com. Available at: http://www.preservearticles.com/201101143291/advantages-and-disadvantages-of-centralisation-of-authority.html [Accessed 4 Nov. 2015].
  2. Ancientmilitary.com, (2012). Ancient China Government. [online] Available at: http://www.ancientmilitary.com/ancient-china-government.htm [Accessed 5 Nov. 2015].
  3. Jin, G. and Liu, Q. (1992). The Cycle of Growth and Decline - On the Ultrastable Structure of Chinese Society: Chapter 7. 2nd ed. Hong Kong: The Chinese University Press.
  4. Olson, Mancur (1. januar 1993). «Dictatorship, Democracy, and Development». The American Political Science Review 87 (3): 567–576. JSTOR 2938736. doi:10.2307/2938736. 
  5. Sawyer, Amos (1. september 2004). «Violent conflicts and governance challenges in West Africa: the case of the Mano River basin area». The Journal of Modern African Studies 42 (3): 437–463. ISSN 1469-7777. doi:10.1017/S0022278X04000266. 
  6. Shleifer, Andrei (2002). «The grabbing hand: Government pathologies and their cures». 
  7. Opphavleg engelsk sitat: The remarkably rapid concentration of production in ever-larger enterprises are one of the most characteristic features of capitalism. Lenin, V. (1939). Imperialism, the highest stage of capitalism. New York: International Publishers, s. 12-54.
  8. O’Sullivan, A. and Sheffrin, S. (2003). Economics. Needham, Mass.: Prentice Hall, s. 171.
  9. Sirnes, Espen; Sjåfjell, Beate (2. mars 2021). «trust». Store norske leksikon (på norsk). 
  10. Theodore, D. (1888). "The Legality of "Trusts". Political Science Quarterly, 3(592).