Sephanoides
Sephanoides | |
Gullkolibri, Sephanoides fernandensis, hofugl Foto: Arthur Grosset
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Lesbiinae |
Stamme: | Lesbiini |
Slekt: | Sephanoides G. R. Gray, 1840 |
Sephanoides er ei biologisk slekt i kolibrifamilien med to artar. Dette er to systerartar som begge har nærvære på Juan Fernández-øyane, ei øygruppe i Stillehavet som tilhøyrer Chile. Den eine arten, gullkolibri, er endemisk for Robinson Crusoe-øya og klassifisert som kritisk truga.[1] Den andre, eldkronekolibri, lever på begge dei to største øyane i gruppa, samt over sørlege delen av fastlands-Chile og Argentina.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Sephanoides er mellomstore til store kolibriar, en vaksen gullkolibrihann kan bli 12 centimeter og vege 11 gram.[2] Begge artane syner kjønnsdimorfisme, hos gullkolibri er det ekstremt med hannen sin kanelraude farge. Hoene kan forvekslast på Róbinson Crusoe-øya, men gullkolibrihoa er litt større og har blå krone og blåskjær i overgumpen der eldkronekolibrihoa er grøn. Hannar er generelt større enn hoer.
Eldkronekolibrien har ein estimert populasjon på ca. 5000 individ fordelt på dei to Juan Fernández-øyane.[3] Det siste estimatet på gullkolibri er på opp mot 3500 modne individ.[1] I tillegg har eldkronekolibrien ein vidare utbreiing med ukjent storleik på fastlandet. Eldkronekolibrien er klassifisert som livskraftig av IUCN.[4]
- Evolusjon
Genetisk likskap mellom populasjonar av eldkronekolibri på fastlandet og på Juan Fernández-øyane kan indikere at øyane har hatt ein eller fleire nylege koloniseringshendingar frå fastlandet. Dei to artane kan ha blitt isolerte frå kvarandre for mindre enn ein millionar år sidan, slik at gullkolibri som art kan vere utvikla isolert på øya og ikkje først på fastlandet.[5] Dette er i så fall eit døme på allopatrisk artsdanning.[6]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
EldkronekolibriFoto: Ennio Nasi
-
Eldkronekolibri, hannfuglFoto: Felipe Bernala
-
Eldkronekolibri, hannfugl
-
Gullkolibri, hannfugl
-
Gullkolibri, hoe
-
Gullkolibri, hannfuglFoto: Héctor Gutiérrez Guzmán
- Artslista
Sephanoides-kolibriar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[7] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[8]
- Eldkronekolibri, Sephanoides sephaniodes, Green-backed Firecrown, (Lesson, R & Garnot, 1827), (LC)
- Gullkolibri, Sephanoides fernandensis, Juan Fernandez Firecrown, (King, PP, 1831), (CR)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 BirdLife International (2023) Species factsheet: Sephanoides fernandensis, henta frå http://www.birdlife.org on 31. januar 2023
- ↑ Roy, M.S., G. M. Kirwan, og P. F. D. Boesman (2020). Juan Fernandez Firecrown (Sephanoides fernandensis), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA.
- ↑ Roy, M.S., P. F. D. Boesman, og G. M. Kirwan (2020). Green-backed Firecrown (Sephanoides sephaniodes), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA
- ↑ BirdLife International (2023) Species factsheet: Sephanoides sephaniodes, henta frå http://www.birdlife.org on 31. januar 2023
- ↑ Roy, Michael S., Juan Carlos Torres-Mura, and Fritz Hertel. Evolution and history of hummingbirds (Aves: Trochilidae) from the Juan Fernandez islands, Chile Ibis 140.2 (1998): 265-273.
- ↑ Lovette, I.J. and Fitzpatrick, J.W. (2016). «How Birds Evolve». Handbook of Bird Biology (3 utg.). Cornell Lab of Ornithology. s. 85. ISBN 9781118291054.
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
- ↑ Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/