September Song

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«September Song» er ein amerikansk tradisjonell pop- og jazzstandard komponert av Kurt Weill, med tekst av Maxwell Anderson, introdusert av Walter Huston i Broadway-musikalen Knickerbocker Holiday i 1938. Han har sidan vorte spelt inn av mange artistar. I 1950 vart han òg nytta i filmen September Affair i 1950, og som kjenningsmelodien i TV-serien May to December (henta frå opningslinja i songen).

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Songen kom til etter at Walter Huston ønskte å synge ein song solo i Knickerbocker Holiday om han skulle spele rolla som den gamle diktatoren Peter Stuyvesant. Anderson og Weill skreiv songen spesifikt for den grove stemma til Huston.[1] Musikalen vart berre middels populær og lukka i april 1939 etter seks månader, men songen vart raskt ein moderne standard.

Andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]

September song er spelt inn av mange artistar sidan 1940-åra. Dei mest kjende mannlege artistane er Ezio Pinza, Billy Eckstine, Nat King Cole, George Shearing, Jimmy Durante, Maurice Chevalier, Pat Boone, Matt Monro, Mel Tormé, Bing Crosby, Frank Sinatra, Dean Martin, Sammy Davis, Jr., James Brown, Willie Nelson, Andy Williams, Lou Reed, Ian McCulloch frå Echo & the Bunnymen (nådde 51. plass i Storbritannia i 1984), Jeff Lynne, Lindsey Buckingham, Bryan Ferry, Rod McKuen, Pascal Comelade, Jean Sablon (på fransk som «J’ai peur de l’automne»), Ronnie Drew frå The Dubliners, Pascal Comelade med Robert Wyatt og Jonny Fair.

Av kvinnelege artistar finn ein Sarah Vaughan, Ella Fitzgerald, Eartha Kitt, Lotte Lenya, Jo Stafford, Patti Page, Anne Shelton, Eydie Gormé, Lena Horne, Julie Wilson, Elaine Paige, Rosemary Clooney, June Christy, Betty Buckley, Patricia Kaas og Masha Qrella.

Av grupper som har spelt inn songen finn ein Les Brown and his band, Stan Kenton, Billy Ward and His Dominoes, Dion and the Belmonts, The Platters, The Impressions (1964), The Young Gods, Peter, Paul & Mary, Come Shine og El Pino & the Volunteers.

Instrumentale versjonar av songen er gjort av George Melachrino, Django Reinhardt, Artie Shaw, Dave Brubeck, Errol Garner, Harry James, Liberace, Earl Bostic, Art Tatum, Mantovani, Sidney Bechet, Red Norvo, Charles Mingus og George Shearing, Roger Williams, Chet Baker , Art Pepper, Bireli Lagrene, Gary Burton, Thomas Dutronc, Jan Lundgren, Ignasi Terraza og David Grisman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lisle, Tim (editor) (1994). Lives of the great songs. London: Penguin books. s. 54. ISBN 0-14-024957-5.