Septer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett som syner keisar Pedro II (1825-1891) frå Brasil med eit stort septer i høgre handa.

Septer (frå gresk skeptron: stav) er ein utsmykka stav, ofte laga av edelt metall (gull, sølv) og gjerne pryda med innsette edelsteinar, og vert båre av særleg konglege personar i høgtidlege høve som teikn på deira makt og mynde og den vørnaden dei har krav på. Ofte vert septeret rekna til kronjuvelane.

Septeret til erkehertugen i Tyrol, år 1602.

Septer er kjend frå gamalt av, og var i bruk i antikken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]