Serbarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ungar i serbiske folkedrakter under Trompetfestivalen i Guča.

Serbarar er ei sørslavisk folkegruppe med kjerneområde i Serbia, der dei utgjer ein majoritet. Det bur også mange serbarar i Montenegro, Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Slovenia og Nord-Makedonia, og ein del i andre land i Europa og Nord-Amerika.

Språket til dei fleste serbarar er serbisk, eit språk som ligg svært nært andre serbokroatiske språk. Språket kan skrivast med kyrilliske bokstavar, som er det offisielle skriftspråket i Serbia, og med latinske bokstavar.

Kulturelt er serbarar nært knytt til resten av Søraust-Europa. Dei fleste serbarar tilhøyrer ortodoks kristendom.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Heilage Sava (Rastko Nemanjić)

Det første større serbiske riket, Storfyrstedømet Serbia eller Rascia, oppstod tidleg på 1000-talet. Rastko Nemanjić frå Nemanjić-dynastiet, seinare kjend som heilage Sava, grunnla den serbiske ortodokse kyrkja i 1219. Under Dušan den store blei riket utvida til det omfatta Nord-Makedonia, dagens Montenegro, nordlege Hellas og store delar av Albania.

I 1389 stod serbarane mot Det osmanske riket i Slaget på Kosovosletta, nær byen Pristina. Serbia kom først under osmansk styre i 1459. Den serbiske revolusjonen braut ut i 1804 og førte til lausrivinga av Serbia frå Det osmanske riket og opprettinga av eit moderne serbisk kongedøme. Etter at ein bosnisk serbar, Gavrilo Princip, snikmyrda erkehertug Franz Ferdinand av Austerrike gjekk Austerrike-Ungarn til krig mot Serbia, og starta med det første verdskrigen.

Etter krigen blei den sørslaviske Kongeriket av slovenarar, kroatar og serbarar skipa. Dette var forløparen til Jugoslavia. Under andre verdskrigen blei landet invadert av Nazi-Tyskland og delt opp i fleire delar - i «Den uavhengige staten Kroatia» blei serbarar forfølgde og utsette for folkemord av den fascistiske rørsla Ustasja.

Etter krigen blei Jugoslavia ein kommunistisk stat leia av Josip Broz Tito. Etter at Tito døydde i 1980 blei landet ustabilt, og blei delt opp til mange mindre statar på fredeleg og valdeleg vis. I fleire område oppstod det konflikt der etniske serbarar ønskte å vera del av Rest-Jugoslavia eller Serbia, medan majoritetane i områda ønskte sine eigne statar. Som følgje av uroa blei Serbia underlagt internasjonale sanksjonar, og mange serbarar måtte forlata Kroatia, Bosnia-Hercegovina og Kosovo.

Kjende serbarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Serbere». (27. mars 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 28. april 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]