Victor Serge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Serge)
Victor Serge

Pseudonym Victor Serge, Rétif
Statsborgarskap Sovjetunionen, ingen verdi
Fødd 30. desember 1890
Brussel
Død

17. november 1947 (56 år)
Mexico by

Yrke omsetjar, journalist, skribent, politikar, revolusjonær, anarkist
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti, Partido Obrero de Unificación Marxista
Ektefelle Liuba Russakova Kibalchich, Laurette Séjourné
Born Vlady Kibalchich Russakov
Signatur
Victor Serge på Commons

Victor Serge (30. desember 189017. november 1947) var ein fransk-russisk sosialistisk forfattar.

Serge blei fødd i Brüssel i Belgia som son av russiske opposisjonelle i eksil. Familien flytta til Paris, der Serge blei involvert i anarkistiske kretsar. I 1910 blei han dømd til fengselsstraff, for ifølgje styresmaktene å ha samband med valdelege anarkistar.

Da Serge blei sleppt laus frå fengselet i 1915, for han til Spania, og budde i Barcelona i Catalunya ei rid, der han også hadde kontakt med anarkistiske kretsar. Etter tsaren var blitt styrta i mars 1917, drog han tilbake til Frankrike, og prøvde derfrå å komme seg til Russland for å vere med i den revolusjonære prosessen. I staden blei han arrestert og innesperra utan lov og dom av dei franske styresmaktene. Da det blei arrangert ei fangeutveksling mellom vestmaktene og bolsjevikstyret, blei Serge og ei gruppe andre politiske fangar i Frankrike utviste og sende til Russland.

I Russland slutta Serge seg til bolsjevikane, og arbeidde som fleirspråkleg person blant anna for leiinga av den kommunistiske Tredje Internasjonalen. Men Serge blei tidleg skeptisk til sider ved bolsjevikregimet. Han reagerte blant anna på det han meinte var løgner frå bolsjevikleiarane si side om oppstanden til Kronstadt-matrosane, og på at arresterte opprørarar frå Kronstadt blei avretta i tida etter oppreisten. Generelt meinte han at det politiske politiet, Tsjekaen, hadde fått altfor store fullmakter. Dette korrumperte regimet, meinte Serge.

Victor Serge slutta seg til Venstreopposisjonen i Det sovjetiske kommunistpartiet. Denne oppstod i tida rundt Lenin sin død, og bestod blant anna av Lev Trotskij og Karl Radek. Venstreopposisjonen kjempa mot den stadig meir autoritære tendensen i partiet, med Gregorij Zinovjev, Lev Kamenjev og Josef Stalin i brodden. Serge meinte sidan sjølv han var den første som bruka ordet «totalitært» om det som heldt på å utvikle seg. Zinovjev og Kamenjev gjekk elles sidan i allianse med Venstreopposisjonen, men da hadde Stalin alt fått svært stor makt i partiet fordi han kontrollerte store delar av byråkratiet og det politiske politiet. Det same kom Nikolaj Bukharin til å oppleve. Etter å ha stått saman med Stalin mot Venstreopposisjonen, blei han også utstøytt og skjønte at han var blitt bruka da det var for seint.

I 1928 blei Serge ekskludert frå kommunistpartiet. Han skreiv fleire bøker om utviklinga, men desse blei ikkje utgitt i Sovjetunionen, berre i Spania og Frankrike. I 1933 blei Serge arrestert. Han blei, ulikt mange andre frå Venstreopposisjonen, ikkje skoten. Dette på grunn av protestar frå venner i Belgia, Frankrike og Spania.

I 1936 bestemte Josef Stalin seg for at han ville setje Serge fri og la han reise frå landet, for å sleppe meir bråk om Serge si sak. Men den borgarlege regjeringa til Pierre Laval i Frankrike ville ikkje gi Serge innreiseløyve. Dette kunne fort ha kosta Serge livet, men den belgiske sosialist-veteranen Emile Vandervelde greidde å sørgje for eit busetjingsløyve for Serge i Belgia. Fleire av slektningane til Serge i Sovjetunionen døydde i fangenskap.

Seinare same året kunne Serge likevel fare til Frankrike, der han skreiv to bøker til om utviklinga i Sovjetunionen. Han skreiv også romanar og dikt. Da Frankrike blei invadert av Hitler-Tyskland, greidde Serge å komme seg til Mexico, der han heldt fram med å gi ut bøker, både romanar og den namngjetne sjølvbiografien «Memoirs d'un revolutionnaire», Minna til ein revolusjonær. Denne er utgitt på dansk, også i Noreg, i eit samarbeid mellom danske Politisk Revy og norske Pax Forlag, under tittelen «En revolusjonærs erindringer».

Serge hadde dårleg helse etter fengselsopphald i både Frankrike og Sovjetunionen, men heldt fram med å skrive heilt til hjartet hans ikkje ville meir. Han døydde i Mexico by den 17. november 1947.

Meir om Victor Serge kan du lese mellom anna her: [1]