Serge Gainsbourg N° 4

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
N° 4
Studioalbum av Serge Gainsbourg
Utgjeve 1962
Innspelt 14. mars-16. april 1962
Sjanger Jazz
Lengd 18:58
Selskap Mercury
Produsent Jacques Plait
Serge Gainsbourg-kronologi
L'étonnant Serge Gainsbourg
(1961)
N° 4 Gainsbourg Confidentiel
(1963)


N° 4 er det fjerde albumet til Serge Gainsbourg og kom ut i 1962. Albumet er særs jazzprega og inneheld ingen kabaret-, chanson- eller popaktige songar som på dei tre første albuma. Nokre av songane har meir latinprega jazz, som bossanova på «Baudelaire» og «Les Cigarillos» og samba på «Ce grand méchant vous». Det rytmiske avsluttingssporet «Ce grand méchant vous» viste fram mot Gainsbourg Percussions i 1964, som innehaldt langt meir av dette slaget.

Songane er framført av Alain Goraguer og orkesteret hans, medan Goraguer i tillegg arrangerte songane.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skriven av Serge Gainsbourg, bortsett frå der anna er nemnd.

  1. «Les Goémons» - 2:39
  2. «Black Trombone» - 2:37
  3. «Baudelaire (Le serpent qui danse)» - 2:27 (tekst av Gainsbourg, musikk av Charles Baudelaire)
  4. «Intoxicated Man» - 2:38
  5. «Quand tu t'y mets» - 1:50
  6. «Les Cigarillos» - 1:46
  7. «Requiem pour un twisteur» - 2:39
  8. «Ce grand méchant vous» - 2:22 (tekst av Gainsbourg og Francis Claude, musikk av Gainsbourg)

Bonusspor[endre | endre wikiteksten]

I 2006 kom det ei utgåve av plata med fire bonusspor frå EPen Vilaine Fille, Mauvais Garçon frå 1962. Desse skil seg frå resten av plata og er pop- og easy listening-songar, og «Un violon, un jambon» er til og med country. Av desse songen er «La Javanaise» ein av klassikarane til Gainsbourg frå denne tida.

9. «Vilaine Fille, Mauvais Garçon» - 1:55
10. «L'Appareil à sous» - 1:34
11. «La Javanaise» - 2:28
12. «Un violon, un jambon» - 2:23