Sergej Bulgakov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sergej Bulgakov

Fødd16. juni 1871
Livny
Død13. juli 1944
Paris
NasjonalitetDet russiske imperiet, Sovjetunionen, Sovjet-Russland, Frankrike
Områdereligious philosophy
Yrkefilosof, teolog, samfunnsøkonom, politikar
InstitusjonarStatsuniversitetet i Moskva
Det keiserlige universitetet i Moskva
Det keiserlige St. Vladimir-universitetet
Alma materJuridisk fakultet ved Statsuniversitetet i Moskva

Sergej Nikolajevitsj Bulgakov (16. juni 187113. juli 1944) var ein russisk samfunnsøkonom, filosof og teolog.

Bulgakov var professor i politisk økonomi i Moskva 1906–1918. Han blei prestevigd i 1918 og måtte dermed forlata professoratet. I 1923 blei han utvist frå Russland av bolsjevikane, og arbeidde eit par år ved det russiske juridiske fakultetet ved universitetet i Praha. I 1925 blei Bulgakov kalla til å leia den teologiske institusjonen til emigrantrussarane i Paris, Det ortodokse teologiske instituttet Saint-Serge. Bulgakov var opphavleg marxist, gav på denne tida ut fleire arbeid innan nasjonaløkonomi, men blei skuffa over sosialdemokratiet, som han òg studerte i Vest-Europa. Han gjekk gjennom ein religiøs krise som gjorde at han fann tilbake til den ortodokse kyrkja og til slutt prest i kyrkja. Han var medlem av det allrussiske kyrkjemøtet og det høgaste kyrkjerådet, og var ein av dei næraste medarbeidarane til patriarken Tikhon av Moskva.

Som filosof og teolog er Bulgakov mest kjend for sin sofiologi som hevdar at «Guds heilage visdom» utan å vera Gud sjølv openberrar løyndomane til den treeinige guden og er prinsippet for ei ideell verd. Denne «heilage visdommen» blir identifisert i Östliches Christentum. Dokumente (1925). Blant dei andre arbeida hans på andre språk enn russisk kan ein merka seg L'ortodoxie (1932) og The Wisdom of God (1937).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]