Sergej Kapustin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sergej Kapustin
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 13. februar 1953
Ukhta
Død

4. juni 1995 (42 år)
Moskva

Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1976

Utmerkingar

Ordenen folkenes vennskap, Medaljen for utmerket arbeid, Idrettens mester i Sovjetunionen

Sergej Aleksejevitsj Kapustin (13. februar 19534. juni 1995) var ein russisk ishockeyspelar frå Ukhta som i tida 1974-83 vann sju VM-gull med Sovjetunionen sitt landslag i ishockey, og i 1976 vart olympisk meister i Innsbruck.

Venstrevengen Kapustin vart verdsmeister med Sovjetunionen i 1974-75, 1978-79 og 1981-83. Både under VM 1978 og VM 1981 vart han plukka ut til "All Star Team". Under Vinter-OL 1976 var han med i mannskapet som vann samtlege kampar i leikane.

Kapustin spelte på toppnivå i heimlandet frå 1971 til 1986, heile tida på Moskva-lag. Perioden 1971-77 var han aktiv Krylja Sovetov, deretter 1977-80 i CSKA Moskva, det suverene meisterlaget i Sovjetunionen på den tid. Etter seks sesongar i Spartak Moskva, avslutta han 1986-88 i austterriksk ishockey.

Kapustin døydde etter hjerteinfarkt i Moskva, 42 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]