Sergej Kljugin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sergej Kljugin
Statsborgarskap Russland
Fødd 24. mars 1974
Kinesjma
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar, trener

Sergej Petrovitsj Kljugin (fødd 24. mars 1974) er ein russisk tidlegare høgdehoppar frå Kinesjima. Han vart olympisk meister i øvinga i 2000.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kljugin forbetra sin personlege rekord til 2,30 meter i 1997-sesongen. Ved verdsmeisterskapen 1997 i Aten vart han nummer 11 med 2,29 m. Året etter, 12. august 1998, gjorde han sitt livs høgste hopp under stemnet Weltklasse Zürich der han tok seg over 2,36 m. Seinare i 1998-sesongen vann han bronsemedaljen i europameisterskapen i Budapest. Med 2,32 meter i sluttprotokollen vart han einast overgått av Artur Partyka frå Polen og briten Dalton Grant.

Kljugins store stund kom under OL 2000 i Sydney. Her vann han OL-gullet i høgdehopp. Sigershoppet målte 2,35 m, ein centimeter under hans personlege rekord.

Kljugin vart russisk meister i høgdehopp både i 2000 og 2001. Han enda på fjerdeplassen i høgdetevlinga under VM i friidrett 2001 i Edmonton.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]