Hopp til innhald

Sergej Pogorelov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sergej Pogorelov
Statsborgarskap Russland
Fødd 2. juni 1974
Volgograd
Død 24. april 2019 (44 år)
Volgograd
Idrett handball
Tok del i Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996
Utmerkingar Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse, Venskapsordenen, æra meister av idrett i Russland

Sergej Valentinovitsj Pogorelov (2. juni 197424. april 2019) var ein russisk handballspelar, fødd og død i Volgograd. Perioden 1996-2000 vart han både europameister, verdsmeister og olympiameister. Han var rykkromspelar.

Pogorelov spelte på Kaustik Volgograd sitt lag i heimlandet tiil 1999. Han flytta då til Tyskland og gjorde etter tur teneste i TBV Lemgo og TSV Eisenach. I 2001 reiste han til spanske Ciudad Real der han våren 2002 var med på å vinne europacupen for cupvinnarar. Sidan vandra han frå det eine handballaget til det andre, franske Villeurbanne og Paris Handball, til spanske Altea og Algeciras.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Pogorelov deltok i 194 landskampar for Russland. Han vart europameister 1996, verdsmeister 1997 og olympisk meister i 2000 og vann bronse Sommar-OL 2004. Under Handball-EM 1998 fekk han plass på stjernelaget, trass i at laget hans enda på fjerdeplassen.

  • EM 1996: Gullmedalje, 23–22 mot Spania
  • VM 1997: Gullmedalje, 23–21 mot Sverige
  • VM 1999: Sølvmedalje, 24–25 mot Sverige
  • Sommar-OL 2000: Gullmedalje, 28–26 mot Sverige
  • EM 2000: Sølvmedalje, 31–32 mot Sverige
  • Sommar-OL 2004: Bronsemedalje, 28–26 mot Ungarn
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 2002 for Ciudad Real