Sergej Skripal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Sergej Skripal
Verkeleg namn Серге́й Ви́кторович Скрипаль
Fødd 23. juni 1951
Kaliningrad oblast

Sergej Viktorovitsj Skripal (fødd 23. juni 1951) er ein tidlegare GRU-offiser som vart dobbeltagent for MI6 på 1990-talet og tidleg 2000-talet. Den som rekrutterte Skripal som dobbeltagent, var MI6-agent, Pablo Miller, som på 90-talet var agent i Tallinn.[1] Skripal vart arrestert av FSB i desember 2004, dømd for landssvik med fengsel i 13 år. I 2010 vart han utveksla med russiske spionar i Storbritannia og vart busett i Salisbury, der han tok opp att venskapet med Pablo Miller[2].

Den 4. mars 2018 var han forgifta med nervegifta Novitsjok saman med dottera, som var på vitjing frå Moskva[3][4]Sergei vart kritisk sjuk av forgiftninga, og vart lagt inn på Salisbury distriktsjukehus. Dottera, Julia, kom seg smått om senn, og i april 2018 vart ho utskriven. [5] Sergei sjølv vart utskriven frå sjukehuset 17. mai 2018.[6] [7][8]

Etterforsking[endre | endre wikiteksten]

Forgiftinga vert etterforska som mordfreistnad.[4], og styresmaktene i Storbritannia var raske med å skulda Russland og president Putin for ugjerninga, for dei meinte motivet kunne vere det same som i mordet på Aleksandr Litvinenko[9] Styresmaktene i Russland aviste denne skuldinga, og sa at dei ikkje hadde informasjon om nasjonaliteten til Skripal. [10][11] Britisk politi sa han var britisk.[12] Russiske styresmakter ville ha prøver av stoffet som vart brukt, men det fekk dei ikkje. I staden vart prøver sendt til Porton Down. Den tidligare britiske ambassadøren Craig Murray[13] skreiv i mars 2018 at det britiske forsvarsdepartementets forskningslaboratorium i Porton Down følte seg pressa av politikarane for å skulle uttale at gifta i Salisbury kom frå Russland. Men det lengste ein der ville strekke seg, etter hardt press, var å seia at det var ei gift «av ei type utvikla av Russland».[14]Det britiske militære senteret Porton Down seier dei er i stand til å identifisere stoffet som A-234 Novitsjok og at det er en type militær nervegift, men dei kan ikke slå fast at den er laga i Russland.[15]

Internasjonale reaksjonar[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia held fram med skuldingane mot Russland, og i denne samanhengen kan det sjå ut som den britiske utanriksministeren, Boris Johnson vart teken i lygn. [16] Britane utviste fleire russiske diplomatar frå landet. USA, Canada og 14 av EU sine medlemsland følgde òg opp og utviste over 100 russiske diplomater.[17] Noreg viste òg ut ein diplomat.[18] Russland sette òg fram skuldingar, og meinar at Storbritannia sjølv kan stå bak mordfreistnaden,[19][20] og svara med å utvise like mange diplomatar som landet har fått utvist frå USA og andre europeiske land.[21]

Utsegn frå ekspertar i strid med kvarandre[endre | endre wikiteksten]

«Professor Robert Stockman, frå Universitetet i Nottingham, har sagt at rester av nervegift ikkje vert verande på staden dei vert brukte. Han la til: ‘Desse stoffa reagerer med vatn for å brytast ned, inkludert fukt i lufta, og vil dermed ha veldig begrensa levetid i Storbritannia.

5. juli trekte Newsnight fram ein ekspert på kjemiske våpen for å fortelje at «novitsjok» er «ekstremt hardnakka», og at delar av gifta som vart brukt i angrepet mot far og dotter Skripal, framleis kunne ligge potent og lure under ein busk i ein park[22]

Harselering[endre | endre wikiteksten]

Skripal-saka vert harselert over i sosiale media, [23] og under VM i fotball 2018 vart engelske fotballtilhengarar tilbudd ein spesialcocktal med namnet Novitsjok hjå ein nattklubb i Volgograd.[24][25].

Nye tilfelle av novitsjokforgifting i området[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga av juli 2018 vart Charlie Rowley og Dawn Sturgess kritisk sjuke av nervegifta Novitsjok i Salisbury, truleg ved eit uhell. Den 8. juli døydde Dawn Sturgess, og britisk politi etterforskar dermed drap. [26] [27]

Konkrete skuldingar mot to russiske statsborgarar[endre | endre wikiteksten]

Den 5. september kom Storbritannia med namn på to russiske statsborgarar, Aleksander Petrov og Ruslan Bosjirov, som var mistenkte i saka.[28] Statsminister Theresa May sa i Parlamentet at Petrov og Bosjirov er agentar som arbeider for Russlands militære etterretningsteneste GRU.[29]Under ein pressekonferanse i Vladivostok den 12. september sa president Putin til journalistar at dei hadde no funne ut kven desse personane var, og at han vona dei ville stå fram i media og fortelje si historie.[30]Dette gjorde dei, men sa at dei berre skulle sjå på den vakre katedralen i Salisbury. [31] Nettstaden og organisasjonen Bellingcat skulda seinare den eine av desse karane, Ruslan Bosjirov, for å vere oberst i GRU med det verkelege namnet Anatolij Tsjepiga, som ifølgje avisa Gazeta i Russland mottok den ærefulle tittelen "Helt av Russland" for si rolle i Den andre Tsjetsjenia-krigen. Tsjepiga skal òg ha gjort teneste i 14. SPETSNAZ-brigade. Utnemninga vart gjort av president Putin personleg i 2014.[32][33][34] Den andre, som i Storbritannia hadde kalla seg Aleksander Petrov, heiter i røynda Aleksandr Misjkin, er militærlækjar og jobbar for GRU.[35]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://forum.steigan.no/t/den-underlige-saken-med-den-russiske-spionforgiftningen/706
  2. https://forum.steigan.no/t/den-underlige-saken-med-den-russiske-spionforgiftningen/706
  3. https://www.theguardian.com/uk-news/2018/mar/12/russia-highly-likely-to-be-behind-poisoning-of-spy-says-theresa-may%7Caccessdate=13 March 2018|newspaper=The Guardian|date=12 March 2018|language=en}}
  4. 4,0 4,1 Dodd, Vikram; Harding, Luke; MacAskill, Ewen (8 March 2018). «Sergei Skripal: former Russian spy poisoned with nerve gas, say police». The Guardian. Henta 8 March 2018. 
  5. https://sputniknews.com/europe/201803301063057080-yulia-skripal-eat-consciousness/
  6. https://www.nrk.no/urix/sergej-skripal-er-utskrevet-fra-sykehus-1.14051932
  7. http://www.bbc.co.uk/news/uk-43295134%7Cdate=5 March 2018|access-date=8 March 2018|publisher=BBC News|title=Critically ill man 'former Russian spy'}}
  8. «Russian spy: Russia 'has no information' on Sergei Skripal collapse». BBC News. 6 March 2018. Henta 8 March 2018. 
  9. https://www.abcnyheter.no/nyheter/2007/05/22/46479/har-funnet-litvinenkos-drapsmann.
  10. Лавров заявил о российском гражданстве Юлии Скрипаль RBC, 13 March 2018.
  11. В МИДе прокомментировали историю с экс-полковником ГРУ Скрипалем RBC, 7 March 2018.
  12. Russian spy: Poisoning response deadline passes BBC, 14 March 2018.
  13. https://www.craigmurray.org.uk/archives/2018/03/of-a-type-developed-by-liars/
  14. https://steigan.no/2018/03/skripal-saka-fortsatt-ingen-beviser-for-at-russland-hadde-noe-med-det-a-gjore/
  15. https://www.nrk.no/urix/kan-ikke-bevise-at-nervegiften-er-laget-i-russland-1.13990381
  16. https://steigan.no/2018/04/skandalen-komplett-kan-ikke-bevise-at-nervegiften-er-fra-russland/
  17. https://www.abcnyheter.no/nyheter/verden/2018/03/26/195383072/lavrov-raser-over-spionanklager-og-utvisninger-lover-svar
  18. https://www.p4.no/nyheter/norge-utviser-en-diplomat/artikkel/730138/
  19. https://www.nrk.no/urix/russland-orienterte-diplomater-om-giftsaken_-antyder-at-britene-selv-kan-ha-statt-bak-1.13973451
  20. https://www.dagbladet.no/nyheter/lavrov-om-giftangrepet---dette-kan-vaere-i-den-britiske-regjeringens-interesse/69667401
  21. https://www.aftenposten.no/verden/i/3jzEB9/Russland-utviser-150-diplomater-og-stenger-amerikansk-konsulat
  22. https://steigan.no/2018/07/amesbury-mysteriet/
  23. https://www.youtube.com/watch?v=XUJHZxgHm64
  24. https://www.thesun.co.uk/news/6221032/russia-nightclub-england-world-cup-novichok-cocktail-nerve-agent/
  25. https://www.msn.com/nb-no/sport/fifa-fotball-vm/russere-erter-britene-med-skripal-gift/ar-AAzdyn9
  26. https://www.document.no/2018/07/08/dawn-sturgess-44-dod-av-novitsjok/
  27. https://www.nrk.no/urix/nervegiftdodsfall_-_-paret-utsatt-for-store-doser-nervegift-1.14118769
  28. https://www.independent.co.uk/news/uk/politics/salisbury-attack-suspects-russia-gru-theresa-may-novichok-sergei-skripal-poison-a8523851.html
  29. https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/rLREyK/storbritannia-ber-om-nervegift-moete-i-sikkerhetsraadet
  30. http://informing.ru/2018/09/12/putin-prizval-podozrevaemyh-v-otravlenii-skripaley-vystupit-s-zayavleniem.html. Henta 12. september 2018.. ««Мы посмотрели, что это за люди и знаем, кто это такие, мы их нашли. Надеюсь, они сами появятся и расскажут о себе. Ничего там криминального нет, сразу отмечу. Это гражданские люди. Хочу к ним обратиться: пусть придут в СМИ и расскажут о себе», – заявил Путин»  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp);
  31. https://www.dagbladet.no/kultur/hva-kan-vi-laere-av-skripal-saken/70184588
  32. https://www.gazeta.ru/social/2018/09/26/11999413.shtml#
  33. https://www.nrk.no/urix/utpeker-salisbury-mistenkt-som-spetsnaz-soldat-1.14225463
  34. https://www.tv2.no/nyheter/10111587/
  35. https://www.nrk.no/urix/gravegruppe-har-identifisert-den-andre-mistenkte-bak-skripal-angrepet-1.14240408