Sergio Romero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sergio Romero
Argentine - Portugal - Sergio Romero.jpg
Fullt namn Sergio Germán Romero
Fødd 22. februar 1987 (31 år)
Bernardo de Irigoyen, Misiones i Argentina
Høgd 192 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Spelar for Manchester United
Draktnummer 20
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2007
2007-11
2011-15
2013-14
2015-
Argentina Racing Club
Nederland AZ
Italia Sampdoria
Monaco Monaco (lån)
Flag of England.svg Manchester United
5 (0)
90 (0)
71 (0)
3 (0)
6 (0)
Landslag**
2009- Argentina Argentina 93 (0)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 17. mai 2017.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 15. november 2017.

Sergio Germán Romero (fødd 22. februar 1987 i Bernardo de Irigoyen i Misiones-provinsen) er ein argentinsk fotballspelar og keeper som i 2018 spelar for Manchester United i engelsk Premier League og for det argentinske landslaget.

Romero begynte fotballkarrieren sin hjå Racing Club i Argentina. Han vart seld til AZ i Alkmaar i Nederland for 1,5 millionar euro i 2007. Frå 2008/09-sesongen har han vore førstekeeperen til klubben. I mars 2009 knekte han hand i frustrasjon etter eit tap i kvartfinalen i cupen og var ute med skade i ein månad. Klubben vart seriemeister i Nederland i 2008/09-sesongen.

Romero har representert Argentina på diverse aldersbestemte landslag. I 2008 var han med å vinna fotballturneringa under sommar-OL. Han var første gong med i A-landslagstroppen som unytta reservekeeper då Argentina tapte 2-1 mot NoregUllevaal 22. august 2007. I 2008 debuterte han for Argentina sitt A-landslag og hausten 2009 stod han i mål under dei tre siste, avgjerande kampane til Argentina i kvalifiseringa til fotball-VM i 2010. Sidan Argentina vann dei to siste kampane, kvalifiserte dei seg til fotball-VM.

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia med tilleggsstoff frå nederlandsk wikipedia 14. mars 2010.