Serhat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Serhat

Fødd24. oktober 1964 (59 år)
FødestadIstanbul
OpphavTyrkia, San Marino
Aktiv1994–
Sjangerpop, disco
Instrumentvokal
Verka somsongar, programleiar, musikkprodusent, fjernsynsprodusent

Ahmet Serhat Hacıpaşalıoğlu (fødd 24. oktober 1964 i Istanbul i Tyrkia), kjend under artistnamnet Serhat, er ein tyrkisk tannlege, songar, plateprodusent og programleiar. Han starta produsentkarrieren sin då han etablerte selskapet End Productions i 1994. Same året produserte og leia han det Jeopardy!-baserte spørjeprogrammet Riziko! hos den tyrkiske allmennkringkastaren TRT. I 1997 starta artistkarrieren hans då han slapp singelen «Rüya-Bein Bir Daha». Forutan andre programleiar- og produsentjobbar fortsette han musikkarrieren med singlar som «Total Disguise» (duett med Viktor Lazlo) i 2004, «Chocolate Flavour» i 2005, «I Was So Lonely», «No No Never (Moscow–Istanbul)» og «Ja + Ty» i 2008 og «Je m'adore» i 2014.

Serhat representerte San Marino i Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm med songen «I Didn't Know», men klarte ikkje å kvalifisere seg til finalen. I 2017 slapp han ein discoversjon av songen saman med songaren Martha Wash. Denne versjonen nådde 25.-plassen på Billboards Dance Club Songs-liste, og han vart den fyrste tyrkiske artisten som tok seg inn på denne hitlisten. I 2018 slapp han ein ny versjon av «Total Disguise» saman med den svensk-greske songaren Elena Paparizou. I 2019 representerte han San Marino på nytt i Eurovision Song Contest i Tel Aviv i Israel med låten «Say Na Na Na».[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Serhat vart fødd 24. oktober 1964 i Istanbul.[2] Faren hans, İsmail Hakkı, var ein marineoffiser som, i likskap med mora, vart fødd i Trabzon. Serhat gjekk på grunnskulen i İcadiye i Üsküdar, og seinare på den tyske vidaregåande skulen i Beyoğlu i Istanbul. Han vart uteksaminert frå tannhelse-fakultetet ved Universitetet i Istanbul i 1988.[3] I 1990 fullførte han to månaders fyrstegongsteneste i Burdur.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Azra Akın (venstre) og Serhat under Megahit-International Mediterranean Song Contest 2004.

Fjernsyn og framsyningar[endre | endre wikiteksten]

I 1994 skipa Serhat sitt eige produksjonsselskap, End Productions. Etter ei avtale med kringkastaren TRT, fekk selskapet produsere gameshowet Riziko!, ein tyrkisk versjon av det amerikanske spørjeprogrammet Jeopardy!. Serhat var òg programleiar for gameshowet frå premieren 3. oktober 1994.[2] I 1995 mottok han to Golden Butterfly-prisar, ein for årets beste mannlege programleiar og ein for årets beste gameshow-vert. I 1996 vart han igjen tildelt prisen for årets beste gameshow-vert. Programmet gjekk i over 430 episodar og gjekk på fjernsyn fram til slutten av 1996.Sidan har selskapet hans produsert fleire tyrkiske tv-program som Altına Hücum.[4]

I 1998 returnerte Riziko! med Serhat som programleiar, denne gongen på den kommersielle kanalen Kanal 7. Seinare vart han programleiar for talkshowet Serhat'la Rizikosuz på same kanal, men programmet vart teke av plakaten etter seks episodar.[5]

Seint i 2009 skipa Serhat danseorkesteret Caprice the Show med 18 musikarar, og orkesteret gjorde ei rekkje framsyningar dei neste åra.[6][7] Gjennom selskapet sitt organiserer han òg årlege hendingar som songtevlinga for ungdom, Liselerarası Müzik Yarışması, Megahit-Uluslararası Akdeniz Şarkı Yarışması, og dansetevlinga for ungdom, Dans Maratonu.[2][8][9][10]

Musikkarriere[endre | endre wikiteksten]

Serhat under ei prøve før den fyrste semifinalen i Eurovision Song Contest 2016.

Serhat starta musikkarrieren sin i 1997 med ein medley av songane «Rüya» og «Bein Bir Daha».[11] I 2004 slapp han sin andre singel, «Total Disguise», saman med det fransk-belgiske songaren Viktor Lazlo. Singelen inneheldt òg fleire remiksar av songen.[12] I 2005 gav han ut songen «Chocolate Flavour» saman med «Total Disguise» i Hellas.[13] I 2008 samarbeidde han med den russisk-georgiske songaren Tamara Gverdtsiteli, og saman spelte dei inn songane «I Was So Lonely», «No No Never (Moscow–Istanbul)» og «Ja + Ty» (ein russisk versjon av «Total Disguise»). Dei tre songane vart gjevne ut på same singel og var òg med på Gverdtsiteli sitt album Vozdusjnij Potseluj (2008).[14][15]

I 2014 byrja Serhat å jobbe i Frankrike og Tyskland. Han slapp sin femte singel, den franskspråklege songen «Je m'adore» med ein musikkvideo innspelt i Paris og regissert av Thierry Vergnes.[16][17] Den nådde fyrsteplassen på den tyske Deutsche DJ Black/Pop-lista, fyrsteplassen på hitlista Black 30, andreplassen på den britiske Dance-lista, åttandeplassen på den franske Dance-lista og niandeplassen på den sveitsiske Dance-lista.[18][19][20][21]

12. januar 2016, kunngjorde San Marino RTV at Serhat skulle representere San Marino i Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm.[22] Bidraget «I Didn't Know» vart gjeven ut 9. mars same år.[23][24] Serhat og songen «I Didn't Know» deltok i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest, tysdag 10. mai 2016. Bidraget hamna på ein tolvteplass i semifinalen og gjekk ikkje vidare til finalen. 2. november 2017 slapp han ein discoversjon og ny musikkvideo av « I Didn't Know», denne gongen saman med songaren Martha Wash.[25][26] Songen debuterte på ein 47. plass på den amerikanske Dance Club Songs-lista og nådde ein 25. plass etter fire veker på lista.[27][28] Serhat vart den fyrste tyrkiske artisten som nådde denne hitlisten.[29] Ein ny versjon av «Total Disguise», denne gongen saman med Elena Paparizou, vart gjeven ut 22. juni 2018 av selskapet CAP-Sound sin.[30][31]

Serhat representerte San Marino for andre gong i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel, med songen «Say Na Na Na».[1][32] Denne gongen lukkast han med å kvalifisere seg til finalen, og dette var andre gong San Marino nådde ein finale sidan debuten i 2008.[33] I finalen hamna bidraget på 19.-plass av 26 bidrag, den beste plasseringa til San Marino i Eurovision Song Contest til då.[34]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1997: «Rüya-Bein Bir Daha»
  • 2004: «Total Disguise» (med Viktor Lazlo)
  • 2005: «Chocolate Flavour»
  • 2008: «I Was So Lonely-No No Never» (med Tamara Gverdtsiteli)
  • 2014: «Je m'adore»
  • 2016: «I Didn't Know»
  • 2017: «I Didn't Know» (med Martha Wash)
  • 2018: «Total Disguise» (med Elena Paparizou)
  • 2019: «Say Na Na Na»

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Serhat will 'Say Na Na Na' for San Marino at Eurovision 2019». EBU. 7. mars 2019. Henta 13. april 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Tunca, Hulûsi (9. mai 2006). «Bunlar sunucu değil artist». Hürriyet. Henta 13. desember 2015. 
  3. Çalışkan, Mehmet (16. november 2015). «Serhat Hacıpaşalıoğlu: Ülkemde de beğenilirse oldukça mutlu olurum». Gazete Habertürk. Henta 13. desember 2015. 
  4. Salbacak, Hande (2004). «'Küresel Kültür' ve Türkiye Televizyonlarında Bilgi Yarışmaları: 'En Zayıf Halka' ve 'Kim 500 Milyar İster'» (PDF) (på tyrkisk). Ankara: Universitetet i Ankara, Institutt for samfunnsfag. Arkivert frå originalen (PDF) 9. januar 2016. 
  5. «Serhat'la Rizikosuz». Hürriyet. 17. november 1999. 
  6. «Caprice The Show». Bigglook.com. 26. november 2009. Henta 5. januar 2016. 
  7. «Serhat Hacıpaşalıoğlu "Je M'adore" diyor!». Gecce.org. 5. januar 2015. Henta 5. januar 2016. 
  8. «18. Liselerarası Müzik Yarışması'ın Jüri Üyeleri Belli Oldu». Hürriyet. 6. mai 2015. 
  9. «Megahit için start verildi». Hürriyet. 1. september 2004. 
  10. «Dans yarışmasının galibi Kıbrıs'tan..». Sacitaslan.com. 20. april 2011. 
  11. «Serhat Hacıpaşalıoğlu – Rüya - Ben Bir Daha». Discogs. 
  12. «Viktor Lazlo & Serhat Hacıpaşalıoğlu – Total Disguise». Discogs. 
  13. «Viktor Lazlo & Serhat – Total Disguise». Discogs. 
  14. «Тамара Гвердцители – Воздушный Поцелуй». Discogs. 
  15. Mauro, Déborah Lo (29. september 2014). «Serhat : découvrez " I’m Movin’ On " dans un clip festif et coloré». Le Suricate Magazine. 
  16. «Music-Videos». Thierry Vergnes offisielle nettside. 
  17. «Serhat Hacıpaşalıoğlu, "Je m'adore" dünya müzik listelerini sallamaya devam ediyor!». Magazinsortie. 6. oktober 2015. 
  18. «Deutsche DJ Black/Pop Charts - Woche: 43 Jahr 2015». Deutsche DJ Charts. 
  19. «Black 30: KW 46-2015». Mix1. 
  20. «British Dance Charts (KW 40 – 2015)». wdjc.de. 
  21. «AUSGABE 39-2015». wdjc.de. 
  22. Petersen, Rasmus (12. januar 2016). «San Marino: Serhat to Stockholm». eurovisionworld.com. Henta 12. januar 2016. 
  23. Roxburgh, Gordon (9. mars 2016). «San Marino: Serhat presents "I Didn't Know"». eurovision.tv. Henta 9. mars 2016. 
  24. Roxburgh, Gordon (21. mars 2016). «San Marino changes to disco version of "I Didn't Know" for contest». eurovision.tv. Henta 21. mars 2016. 
  25. Roxburgh, Gordon (10. mai 2016). «We have our first ten finalists». Eurovision.tv. 
  26. Adams, William Lee (2. november 2017). «Watch: Serhat teams up with music legend Martha Wash for revamp of 'I Didn't Know'». Wiwiblogs. 
  27. «Dance Club Songs». Billboard. 26. mai 2018. 
  28. «Dance Club Songs». Billboard. 
  29. «Amerikan listelerine girdi». Milliyet. 5. juni 2018. 
  30. Weaver, Jessica (23. juni 2018). «San Marino: Serhat releases Total Disguise, featuring Helena Paparizou». ESCToday.com. 
  31. «Total Disguise (feat. Helena Paparizou) – Single». iTunes. 
  32. «Serhat to represent San Marino at the Eurovision Song Contest 2019!». ESCXTRA.com. 21. januar 2019. Henta 21 January 2019. 
  33. «First Semi-Final: 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». 14. mai 2019. Henta 15. mai 2019. 
  34. «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019.