Serhij Bubka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Serhij Bubka


Serhij Bubka i 2013.

Nasjonalitet Ukrainsk
Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd 4. desember 1963 (60 år)
Vorosjilovgrad i Ukraina i Sovjetunionen
Idrett friidrett
Høgd 1,83 meter
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, World Economic Forum Annual Meeting 2004

Utmerkingar

Arbeidets røde fanes orden, Leninordenen, Jaroslav den vises orden, Ærestegnet fra Ukrainas president, Fyrsten av Asturias' pris for sport, Det ukrainske ministerråds ærespris, 2. klasse av Ordenen for fortjenester, 1. klasse av Ordenen for fortjenester, helt av Ukraina, Statens orden, L'Équipe Champion of Champions, Idrettens mester i Sovjetunionen, 5. klasse av Jaroslav den vises orden, 4. klasse av Jaroslav den vises orden, 3. klasse av Jaroslav den vises orden, Frihetsordenen

Serhij Nazarovytsj Bubka[a] (fødd 4. desember 1963), er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar fødd i Vorosjilovgrad i Sovjetunionen, i dag Luhansk i Ukraina. I perioden 1983-97 vann han dei seks fyrste VM-titlane i stavsprang, og vart dessutan europameister i øvinga i 1986 og olympisk meister i 1988. Bubka var fyrstemann i verda som hoppa over 6 meter i stavsprang. Verdsrekorden på 6,14 m som han sette 31. juli 1994 i Sestriere i Italia blei først overgått i 2014.[1] I alt sette han 17 verdsrekordar utandørs.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Serhij Bubka avbilda i Soviet Life i oktober 1984.

Bubka debuterte internasjonalt i 1983, då han vann stavsprang-tevlinga under det fyrste VM i friidrett som fann stad i Helsingfors. Han svinga seg då over 5,70 m, som den einaste i meisterskapen. Den 26. mai året etter sette han sin fyrste verdsrekord i Bratislava med 5,85 m. Midt i juli månad forbetra han denne til 5,90 m under eit stemne i London. Han deltok ikkje i sommar-OL 1984 i Los Angeles, ettersom Sovjetunionen boikotta leikane. 31. august 1984 sette franske Thierry Vigneron i Roma verdsrekord med 5,91 m, men Bubka tok rekorden tilbake ti minuttar seinare med 5,94 m.

Den 13. juli 1985 skreiv Bubka historie då han hoppa 6 meter i Paris. Midtsommars 1986 forbetra han verdsrekorden til 6,01 m og vann i august sitt einaste EM-gull med resultatet 5,85 m, broren Vasilij Bubka syrgde for sovjetisk dobbelsiger med 5,75 m i sluttprotokollen. I 1987 forbetra Sergej verdsrekorden til 6,03 m, og forsvarte VM-tittelen då han klarte å kome over 5,85 m, fem centimeter høgre enn dei tre sterkaste konkurrentane.

Bubka forbetra verdsrekorden to gongar i 1988, sist til 6,06 m i Nice. I september vart han olympisk meister i Seoul med 5,90 m, landsmannen Rodion Gataullin stoppa på 5,85 m. Etter å ha vunne ei rekke tevlingar i 1990-sesongen, måtte han nøye seg med 5,70 m og sjetteplass under EM 1990, der Rodion Gataullin vann på 5,85 m. Gjennom 1991-sesongen forbetra Bubka verdsrekorden fire gongar, kvar gong med ein centiemeter, sist til 6,10 m i Malmö. I verdsmeisterskapen vart han for tredje gong på rad verdsmeister etter å ha stoppa på 5,95 m.

Etter å ha sett verdsrekord med 6,11 m i juni 1992, mislukkast Bubka fullstendig på opningshøgda 5,70 m under sommar-OL i Barcelona. Tre veker etter dei olympiske leikane forbetra han verdsrekorden til 6,12 m og ein månad deretter med ytterlegare ein centimeter i Tokyo.

Frå 1993 tevla Bubka for Ukraina. I verdsmeisterskapen i Stuttgart svinga han seg over 6,00 meter og vart verdsmeister for fjerde gong. Den 31. juli 1994 i Sestriere fekk Bubka lagt lista på 6,14 meter og sette sin siste verdsrekord. Året etter vart han verdsmeister for femte gong, då han tok 5,92 m i andre forsøk. I 1996 var han skadd og deltok ikkje i sommar-OL i Atlanta. Til verdsmeisterskapen 1997 kom han med eit sesongbeste på 5,70 m. I VM-finalen tok han leiinga då han hoppa over 5,91 m i andre forsøk. Maksim Tarasov frå Russland tok så over leiinga då han gjekk over 5,96 m i fyrste forsøk. Bubka venta då til neste høgde, 6,01 m, og vart verdsmeister for sjette gong då han klarte høgda i fyrste forsøk.

Bubka la opp som stavhoppar i 2000. Medrekna innandørs- og utandørs-stemne hadde han då 43 gongar svinga seg over seksmeters-lekta, og 111 gongar over 5,90 meter.

Engasjement[endre | endre wikiteksten]

Sidan 2001 har Bubka vore aktiv i Det internasjonale friidrettsforbundet. I 2007 blei han visepresident i forbundet. Han har også engasjert seg for idrett innan UNESCO.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ukrainsk skrift Сергій Назарович Бубка, russisk skrift Серге́й Наза́рович Бу́бка, Sergej Nazarovitsj Bubka

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «RENAUD LAVILLENIE SETS POLE VAULT WORLD RECORD OF 6.16M IN DONETSK – UPDATED». IAAF. Henta 15 February 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]