Seriemaer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Seriemaer
Raudbeinseriema Cariama cristata Foto: Whaldener Endo
Raudbeinseriema Cariama cristata
Foto: Whaldener Endo
Utbreiing
Utbreiinga av Seriemaer
Utbreiinga av Seriemaer
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Cariamiformes
Familie: Seriemaer Cariamidae
Bonaparte, 1853

Seriemaer er ein biologisk familie med to store fugleartar som lever i sentrale og austlege Sør-Amerika. Dei to artane er einaste nolevande medlemmer frå den litle og gamle familien med det vitskaplege namnet Cariamidae. Ein har tidlegare gått ut frå at familien har hatt ein uklår slektskap med familiar i ordenen tranefuglar, men somme plasserer no Cariamidae i sin eigen orden seriemafuglar, Cariamiformes.[1] Familien har to artar:

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Begge artane er rundt 80 cm i kroppslengd, raudbeinseriema er noko større enn svartbeinseriema. Dei er flygedyktige og kan flyge korte avstandar, men dei føretrekkjer å springe frå farar. Dei er brunlege fuglar med haukeliknande hovud, kort nebb, lang, oppreist hals, har lange bein og hale, men berre korte venger, noko som speglar livsstilen deira. Ein finn dei på ganske tørt, opent land, raudbeinseriema føretrekkjer grasland og svartbeinseriema føretrekkjer tørre og opne skogar.

Seriemaene har høglydte, bjeffande rop og vert ofte høyrt før dei vert sett. Somme menneske held seriemaer som fjørfe for å varsle om rovdyr i nærleiken.

Økologisk svarar seriemaene til den afrikanske sekretærfuglen. Dei et insekt, slangar, småøgler, froskar, småfuglar og gnagarar, med mindre mengder plantekost inkludert mais og bønner. Dei held seg ofte nær beitande husdyr, sannsynlegvis for å ta insekt som dyra skremmer. Når seriemaer fangar små krypdyr, dei slår byttedyr mot bakken eller kastar byttet mot eit hardt underlag å drepe og for å knuse bein. Om dyret er for stort for å gå heil gjennom svelget, vil dei halde byttedyret i nebbet og rive det i stykke med kloa på ein av føtene.

Seriemaer byggjer store kvistreir. Dei legg to eller tre kvite eller brungule egg med sparsame flekker i brunt og lilla. Hoene gjer mesteparten av ruginga, som varer frå 24 til 30 dagar. Ungane er kledd i dun og held seg i reiret i ca. to veker, dei hoppar ned og følgjer begge foreldra. Dei vert vaksne i ein alder av fire til fem månader.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]