Serigstad Maskinverksted

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Serigstad fôrhaustar.

Serigstad Maskinverksted vart til ved at Anders Serigstad i 1864 innreidde ein verkstad på garden Serigstad på Jæren[1]. I byrjinga laga han reiskap til eige bruk, men etter kvart tok han til å laga treskeverk, halmristarar og andre reiskap for sambygdingane sine. Det åt på seg og i 1892 bygde han ny verkstad [1]. I 1910 tok son hans, Jens, over og i 1913 byggde Serigstad Maskinversksted ny verkstad på Bryne og i 1915 vart det bygd støyperi.

Førtaket laga gjødselpumper, hakkelsesmaskinar og støypegods for andre føretak. Rundt 1950 tok Brødrene MoiOrre til å laga gravemaskinar. Maskina, som vart kalla Moldvarpen, var ei vinsjmaskin, og Serigstad vart underleverandør av mellom anna vinsjhus og tromlar.

I 1958 fekk Serigstad tilbod om å produsera ein frontmontert forhaustar som var utvikla ved LandbrukshøgskulenÅs. Etter å ha laga eit par prototypar utvikla dei ein sidemontert forhaustar som kom på marknaden i 1960. Dette vart eit viktig produkt både for Serigstad og for norsk jordbruk. Serigstad har sidan produsert over 32000 fôrhaustarar.[2]

I 1968 vart Serigstad Maskinverkstad omgjordt til aksjeselskap. Hovudproduktet var forhaustarar og i perioden 1972 til 1982 låg produksjonen på godt og vel 1350 einingar i året [1]. I 1979 kjøpte Serigstad Hedmark JaerstøperiElverum. Utover 1980-talet vart det gjort store innvesteringar og utvikla nye produkt. I 1986 tok produksjonen av finsnittarar til og i 1989 var turen komen til rundballepresser[2].

1990-talet var det stagnasjon i jordbruket og salet svikta. Føretaket hamna i eit økonomisk uføre og vart splitta opp i Serigstad Jernstøperi, Serigstad Agri AS og Serigstad Maskinering AS [1]. Serigstad Maskinering AS vart seinar kjøpt av Bryne Mekanikk. Serigstad Agri produserer framleis jordbruksmaskinar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Jøssang, L.G., Industrieventyret på Jæren 1800-2000, Det Norske Samlaget, 2004.
  2. 2,0 2,1 Bedrifts-info Arkivert 2008-02-19 ved Wayback Machine., Serigstad Agri AS. (vitja 1/5-2008)