Serinakake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Serinakaker (type kjøpt i butikk).

Serinakake er ei småkake som er kjend i Noreg som eit av dei sju slaga. Namnet er avleidd av kvinnenamnet Serina.[1]

Kaka har form som ein runding, og blir steikt på plate i steikeomn. Serinakake kan likna på ein kjeks, og blir gjerne pynta med mandlar før steiking.[2]

Serinakaker blei utbreidde som del av norsk juletradisjon då dei populære kokebokforfattarane Hanna Winsnes og Henriette Schønberg Erken gav ut kokebøker på slutten av 1800-talet som mellom anna hadde oppskrifter på denne kakesorten.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «serinakake - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 3. desember 2019 
  2. Gudrun Ulltveit (2000). «Korn- og baketradisjoner : kornets og bakingens kulturhistorie i Norge : tradisjonsoppskrifter fra hele landet». www.nb.no (på norsk). s. 168. Henta 2. desember 2018. 
  3. Åshild Woldstad (1999). «I huset bortenfor huset : Ressursbok for læreren 1.-10. klasse : heimkunnskap for grunnskolen». www.nb.no (på norsk). s. 406. Henta 2. desember 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]