Serkland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ordet Serkland (Srklant) på Tillingesteinen, oppført til minne om ein væring som ikkje vende heim frå Serkland, ved Tillingekyrkja i Uppland i Sverige.

Serkland eller Særkland er ei nemning frå norrøn tid om Mesopotamia og Nord-Afrika.[1]

Namnet har ulike tolkingar. Serkarane kan visa til sarasenerne, eit namn brukt om muslimar på denne tida. Namnet kan også ha vore henta frå serkr ('kappe», kjole'), og land, noko som refererer til kleda som folk i området hadde på seg. Ei anna mogleg forklaring er det tyrkiske ordet for «førti pelsar», som var ein viktig valuta i vikingtida, og som resulterte i dagens [russisk]]e ord for «førti», sorok. Det kan òg vera nærskyldt med Sarkel, ein by i Khazarriket.[2]

Fleire soger nemner Serkland: Ynglinga saga,[3] Sörla saga sterka, Sörla þáttr, Sagaen om Sigurd Jorsalfare og Hjálmþés saga ok Ölvis. Det er også nemnd av skalden Þórgils fiskimaðr frå 100-tallet,[4] og skalden Þórarinn stuttfeldr frå 1100-talet.[5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Magerøy, Hallvard (20. februar 2018). «Serkland». Store norske leksikon. Henta 29. august 2018. 
  2. Jesch, Judith. Geography and travels. In : Old Norse-Icelandic literature : a critical guide. Ed. by Carol J. Clover and John Lindow. Toronto ; London : University of Toronto Press in association with the Medieval Academy of America, 2005. (Medieval Academy reprints for teaching ; 42). s. 125. ISBN 0-8020-3823-9.
  3. Snorre Sturlason (1900). «Ynglinga-soga». Omsett av Steinar Schjøtt. aasentunet.no. 
  4. Þórgils fiskimaðr, Nordmand, 11 årh. (AI, 400-1, BI, 369).
  5. Þórarinn stuttfeldr, Islandsk skjald, 12. årh. (AI, 489-92, BI, 461-4).

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ture Johnsson Åre. Austr i Karusm och Särklandsnamnet. I Fornvännen 42, s. 290–305. Stockholm 1947.
  • Sven B. F. Jansson. Runinskrifter i Sverige. Stockholm 1963
  • Carl L. Thunberg (2011). Särkland och dess källmaterial