Sertavulpasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sertavulpasset
Sertavul Geçidi
fjellovergang
Land  Tyrkia
Provins provinsen Mersin, provinsen Karaman
Fjellkjede Taurus fjella
Høgd 1 660 moh.
Koordinatar 36°54′57.6″N 33°16′1.20″E / 36.916000°N 33.2670000°E / 36.916000; 33.2670000
Gjennomfartsåre D-715, E90
Kart
Sertavulpasset
36°54′51″N 33°15′58″E / 36.914166666667°N 33.266111111111°E / 36.914166666667; 33.266111111111

Sertavulpasset (tyrkisk Sertavul Geçidi) er ein fjellovergang sentralt i Taurusfjella i Tyrkia på grensa mellom provinsen Mersin og provinsen Karaman på vegen frå Konya over Karaman til kysten av Middelhavet ved Anamur og Silifke.

Landskapet kring overgangen er forskjellig frå mange av dei andre overgangane i Taurusfjella sidan han er relativt flat. Karstlandskapet er dekt av kalksteinsklipper og mange slukhol, og terrenget er generelt vegetasjonsfattig.

Servatulpasset var staden der den tysk-romerske keisar Fredrik I Barbarossa kryssa Taurusfjella under det tredje krosstoget før han drukna i elva Calycadnus (i dag Göksu) i 1190.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sertavul Geçidi, Karaman». Planetware. Arkivert frå originalen 17. oktober 2010. Henta 8. august 2012.