Sesam.no

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sesam.no er ei norsk søketeneste som vart lansert hausten 2005. Pr mai 2007 hadde Sesam om lag 480 000 unike brukarar i veka, og var ei av dei 12 mest besøkte nettsidene i Noreg. Målet var å bli best på norske søk, men etter å ha tapt 88 millionar kroner, er ambisjonane redusert, slik at søkemotoren satsar mest på søk i aktualitetar og nyhende.
Ein kan blant anna bruke Sesam til å finne:

  • Norske og internasjonale nettsider (Nettsøk)
  • Oversikt over nyhendesbiletet, og søk i norske og utanlandske kjelder (Sesam Nyheter)
  • Avisartiklar attende til 1983 (Nyhetssøk)
  • Kontaktinformasjon for bedriftar (Sesam Katalog Bedriftssøk)
  • Rekneskapstal og styremedlemmer for bedriftar (Sesam Katalog Bedriftssøk)
  • Kontaktinformasjon og styreverv for privatpersonar (Sesam katalog Personsøk)
  • Bilete frå nettsider og frå Scanpix (Bildesøk)
  • Leksikonoppslag frå Wikipedia

Teknologi[endre | endre wikiteksten]

Sesam.no er utvikla i samarbied med Fast Search & Transfer, eit norsk søketeknologiselskap som er rekna blant dei beste selskap innan søkemotorteknologi i verda.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Sesam.no er eigd av Schibsted Søk AS, eit dotterselskap i Schibstedkonsernet. Administrerende direktør er Arild Nilsen, og styreleiar er Rolv Erik Ryssdal. Sesam.se og Sesam MEDIA AS er òg dotterselskap av Schibsted Søk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]