Sete Cidades

Koordinatar: 37°52′N 25°47′W / 37.87°N 25.78°W / 37.87; -25.78
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sete Cidades
fjell
Lagoa das Sete Cidades med byen Sete Cidades til venstre
Land  Portugal
Område São Miguel i Asorane
Fjelltype Stratovulkan
Høgd 260−856 moh.
Siste utbrot 1880
Koordinatar 37°52′N 25°47′W / 37.87°N 25.78°W / 37.87; -25.78
Kart
Sete Cidades
37°51′19″N 25°47′10″W / 37.855194444444°N 25.786166666667°W / 37.855194444444; -25.786166666667
Wikimedia Commons: Sete Cidades

Sete Cidades er ein vulkan på Asorane og består av ein kaldera med to innsjøar i midten kalla Lagoa das Sete Cidades. Vulkanen ligg på vestsida av øya São Miguel og er den mest populære nasjonalparken på øyane. Innsjøen er om lag 5 km lang og 1-2 km brei. Vulkanen har vore den mest aktive på Asorane dei siste 5000 åra.

Frå kanten av krateret ligg innsjøane 500 meter nedanfor, den eine med ein blåaktig farge og den andre med ein grønaktig farge. I følgje ei segn vart dei forskjellige fargane danna då ei prinsesse og elskaren hennar, ein ung gjetar, måtte forlate kvarandre. Tårene dei felte då dei sa farvel vart dei to innsjøane, som fekk farge etter augefargen deira.

Dei to innsjøane er ein av dei største turistattraksjonane på Asorane. Etter det første utbrotet for om lag 20 000 år sidan har det vore 20 utbrot i ettertid som har danna den 500 meter djupe kalderaen. I botn av kalderaen står det seks pyroklastiske kjegler. Lavadomar, lavastraumar og avleiringar etter pyrkoklastiske straumar er funne på vest- og nordsida. Det siste utbrotet fann stad på 1400-talet. Desse utbrota skjedde inne i kalderaen og frå undersjøiske ventilar på vestkysten av øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Panorama av Sete Cidades