Setebelte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trepunkts setebelte.
Topunkts setebelte i fly.

Eit setebelte (ofte kalla bilbelte, men òg tryggingssele og sikringssele) er ei innretning for å halda fast førar og passasjerar og hindra at dei vert kast framover og skadd under ein kollisjon. Beltet er rulla opp på små tromlar, som under normal køyring tillet at beltet vert drege ut. Tromlane har ei fjør som sular inn beltet, slik at det alltid ligg inntil koppen på førar og passasjerar, som slik under normal køyring kan røra seg fritt utan å verta ikkje hindra av beltet. Ved ein kollisjon vil ein sensor (eit akselerometer) utløysa ein låsemekaniske som hindrar beltet i å verta drege ut.

Setebelte vert klassifisert etter kor mange punkt dei er festa til køyretøyet med. Eit topunktsbelte er eit enkelt magebelte og er mest nytta i rutefly og buss. Eit trepunktsbelte er den vanlegaste typen i moderne bilar. Firepunktsbelte og betre vert nytta i barnestolar, til motorsport, i militære fly og anna.

Dei første masseproduserte bilen som var utstyrt med trepunktsbelte Volvo Amazon, som kom på marknaden i 1959.

Påbod om bruk av setebelte[endre | endre wikiteksten]

Påbod om bruk av setebelte i Noreg med «Forskrift om bruk av personleg verneutstyr under køyring med motorvogn» var fastsett av Samferdselsdepartementet 21. september 1979. Gebyret for ikkje å bruke setebelte var dei første åra 30 kroner. I 2005 var gebyret stige til 750 kroner og om lag 20 000 gebyr vart skrive ut.

Halvparten av dei som vart drepne i trafikken i 2003 ville ha overlevd dersom dei hadde nytta setebelte[treng kjelde].

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.