Setesdal vidaregåande skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Setesdal vidaregåande skule
SkuletypeOffentleg vidaregåande skule
Org.nummer974573997
Grunnlagd2006[1]
Region/fylkeAgder
KommuneSkulen ligg i tre kommunar:
AdresseSkulen har tre avdelingar:
  • Hovden Sentrum, 4755 Hovden
  • Gymnasvegen i Hornnes, 4737 Hornnes
  • Valle Sentrum, 4747 Valle
  • EigarAgder fylkeskommune
    RektorBirgit Attestog
    Elevar340[2]
    Tilsette80[2]
    Nettstadwww.setesdal.vgs.no/
    Kart
    Setesdal vidaregåande skule
    58°34′03″N 7°46′06″E / 58.5674°N 7.7684°E / 58.5674; 7.7684

    Setesdal vidaregåande skule ligg i Agder fylke. Skulen er ei samanslåing av dei tre tidlegare skulane Hovden-, Hornnes- og Valle vidaregåande skule, og har i dag avdelingar på Hovden, i Valle og i Hornnes. Avstanden mellom avdelingane i Hornnes i sør og Hovden i nord er om lag 15 mil. Dette gjer skulen til den lengste i Noreg.[1][2]

    Historie[endre | endre wikiteksten]

    Utdanningsinstitusjonen i Hornnes starta opp i 1918 som landsgymnas. I 1925 flytta skulen inn i eit nytt skulebygg. I 1975 bytta skulen namn til Hornnes gymnas, og vidare til Hornnes vidaregåande skule i 1995.[3]

    Den vidaregåande skulen i Valle starta med ei linje for husstell i 1972 i kjellaren på Valle skule og internatet opna i 1976. I 1982 vart skulen sjølvstendig då han flytta inn i nye lokale. Det har vore fleire ymse linjer på skulen, derimellom husstell, vev, snikkar, kokk og servitør, helse og sosial, dans og drama. I dag tilbyr skulen berre linjer innan faga gull og sylv, som starta opp i 1995.

    Avdeling Hovden starta med det som heitte VKII - reiselivsaktivitetar. Dette var ei klasse på 15 elevar som administrativt låg under Valle vidaregåande skule. Hausten 1990 vart Hovden skigymnas etablert. Då kom også ein eigen allmennfagleg 1. klasse, der 20 av 30 elevar var ski-elevar. Skuleåret 1992/93 var skulen fullt utbygd og skulen utgjorde då til saman 4 klasser og totalt 105 elevar.

    Skulane i Hornnes, Valle og Hovden vart i 2006 slegne saman til Setesdal vidaregåande skule.[1]

    Linjer ved skulen[endre | endre wikiteksten]

    Avdeling Hornnes

    • Vg 1 studiespesialiserande
    • Vg 2 studiespesialiserande realfag
    • Vg 2 studiespesialiserande språk, samfunnsfag og økonomi
    • Vg 3 studiespesialiserande realfag
    • Vg 3 studiespesialiserande språk, samfunnsfag og økonomi
    • Vg 3 påbygging
    • Vg 1 helse- og sosialfag
    • Vg 2 helsearbeiderfaget
    • Vg 1 bygg- og anleggsteknikk
    • Vg 2 byggteknikk
    • Vg 1 teknikk og industriell produksjon

    Avdeling Hovden

    • Vg 1 studiespesialiserande
    • Vg 2 studiespesialiserande realfag
    • Vg 2 studiespesialiserande språk, samfunnsfag og økonomi
    • Vg 3 studiespesialiserande realfag
    • Vg 3 studiespesialiserande språk, samfunnsfag og økonomi
    • Vg 1 service og samferdsel
    • Vg 2 reiseliv

    Avdeling Valle

    • Vg 2 gull- og sylvarbeid
    • Vg 3 gullarbeid

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    1. 1,0 1,1 1,2 Historie – Aust-Agder fylkeskommune, arkivert frå originalen 28. februar 2012, henta 17. februar 2011 
    2. 2,0 2,1 2,2 Om skulen – Aust-Agder fylkeskommune, arkivert frå originalen 28. februar 2012, henta 17. februar 2011 
    3. Lie, Marit Breistøl, «Skolens historie - Setesdal vidaregående skule», setesdal.vgs.no (på norsk bokmål), henta 2. november 2022 

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]