Setnesmoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Setnesmoa)

Setnesmoen eller Setnesmoa er eit område ved Veblungsnes, like sør for Åndalsnes i Rauma kommune. Staden er danna av avsetningar frå elva Rauma og er ganske stort og nesten heilt flatt. Det er graskledd med lauvskog, dominert av gråor.

Setnesmoen har tradisjon som militærforlegning og i dei seinare år som base for Heimevernet (HV11). Leiren har forutan forlegningen fleire skytebanar og eit tidlegare sjukehus. Under andre verdskrigen vart det bygd ein flyplass på Setnesmoen.

Setnesmoen har golfbane, bygd av Rauma golfklubb. Veblungsnes FK har ein fotballbane på Setnesmoen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]