Setring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Buføring av kyr.

Setring, seterbruk eller seterdrift (òg med -æ-) er husdyrhald med bruk av sommarbeite så langt borte frå garden at buskapen ikkje kan drivast att og fram kvar dag. I norsk samanheng viser dette som regel til å flytta dyra til seter eller støl.

Setring skil seg frå anna fjellbeite med di at dagleg produksjon av mjølk og andre produkt er flytt med. Det er difor naudsynt med hus for drift og tilhald for ei budeie.