The Settlers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Settlers)
The Settlers

The Settlers er eit relativt ungt brettspel frå Tyskland, som har rukke å verta eitt av dei aller mest populære spela i Europa. Det er eit strategispel med sivilisasjonsoppbygging som tema.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Klaus Teuber laga den første versjonen, Die Siedler von Catan, som vart gjeven ut på spelforlaget Kosmos i 1995. Spelet vann den prestisjetunge prisen Spiel des Jahres dette året. Seinare laga Mayfair Games The Settlers of Catanengelsk for den amerikanske marknaden og Capcom det same for sal i Japan. Spelet har etter kvart kome ut på mange andre språk, m.a. tjekkisk, dansk, finsk, fransk, gresk, spansk, ungarsk, islandsk, italiensk, koreansk, latvisk, nederlandsk, portugisisk, russisk, slovensk og svensk. På norsk har spelet fått namnet «The Settlers».

Det finst fleire utvidingspakkar til spelet, t.d. Sjøfarerne fra Catan (Seefahrer von Catan). Det er òg laga andre variantar av spelet, som Spacefarers of Catan.

Spelet[endre | endre wikiteksten]

Spelet består av 37 heksagonar med ulike typar terreng (eller sjø) på, to bunkar kort, nummererte brikker, hus, byar, vegar og ein røvar. Før spelet startar, legg ein ut heksagonane i ei delvis tilfeldig rekkjefølgje slik at dei formar ei øy med vatn rundt. Dette vert spelebrettet. Kvart landområde får eit tilfeldig nummer, som tilsvarar ein mogleg sum av to terningar. Spelarane får etter kvart moglegheit til å flytte røvaren rundt på dei forskjellige områda. Ettersom brettet ikkje vert heilt likt for kvar gong, vil heller ikkje to rundar bli like.

Spelarane kastar terning etter tur, og basert på summen og kvar ein har hus, kan spelarane få utdelt kort. For korta kan dei byta til seg andre kort eller kjøpa seg bygningar og vegar, som dei plasserer i tillatne posisjonar på brettet. Målet er å verta den første til å oppnå ein viss poengsum. Ein skårar poeng for å byggja hus, byar og den lengste vegen på øya, og for å ha flest riddarkort. Korttrekking og terningkasting gjer at det er eit element av flaks i spelet, men som oftast vil det vera spelaren med den mest effektive strategien, som både klarar å hindra motspelarane si utbygging og likevel føra vellukka forhandlingar med dei om kortbyte, som vinn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: The Settlers