Sevanavank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sevanavank Xachqar-Astvatsatsin.jpg

Sevanavank (armensk «Սևանավանք», 'klosteret ved Sevan' er eit kloster på den nordvestre breidda av Sevansjøen, nær byen Sevan, i provinsen Geghark'unik' aust i Armenia. Ei innskrift i ei av kyrkjene fortel at klosteret blei grunnlagd i 874 av prinsesse Miriam, dotter til Asjot I som blei konge ti år seinare. På denne tida kjempa landet for å frigjera seg frå muslimsk herredøme.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sevanavank