Sevat Sataøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sevat Sataøen
Fødd14. april 1892
FødestadÅl
Død29. juni 1962 (70 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar, urmakar

Sevat Sataøen (14. april 189229. juni 1962) var ein framtredande norsk spelemann frå Ål i Hallingdal. Attmed Olav Sataslåtten var han den likaste i sin generasjon i dalen.

Sevat vart fødd på Sataøyne i Satagrenda sunna sjølve Ål. Han fekk spel av Ola Dekko og Tor Grimsgard, Myreguten, og Ola A. Strand. Sevat kom då til å føre vidare strandaspelet, den berande tradisjonslina i nordre Ål.

I vaksen alder livnærde Sevat Sataøen seg som urmakar, og var og ein god skyttar. Spelet etter Sevat er alderdommeleg i preget, med mykje fingerbruk og krappe kast med bogen. Sataøen var svært form-medveten, og sytte for at læresveinane hans fekk slåttane slik han sjølv hadde lært dei. Han kunne og vera ein streng læremeistar. Mellom dei som fekk spel av Sevat kan ein nemne Kristian Øvrevollseie og Magne Myhren.

Det var i mange år eit slag mannjamning mellom Sevat Sataøen og Olav Sataslåtten, som var like gamle. Desse to var ulike i lynne og lag. Medan Sataøen var medveten om dei gamle formene, kunne Sataslåtten brøytte om slåttane på staden, og skapa nytt frå gong til gong. Dei synte kvar for seg to ulike ytterpunkt i hardingfelespelet. Sataøen var den første hallingspelemannen som vann landskappleiken, alt i 1914. Etter han var det ingen frå dalen som vann før Odd Bakkerud i 1955.

Sevat Sataøen fekk noko svekka høyrsle dei seinare åra, etter mange år på skytterbanen, men var framleis ei svært påliteleg kjelde. Hardingfeleverket har heile 63 slåttenedskrifter etter Sevat Sataøen, det største talet frå Hallingdal i det heile.