Seven Bridges Road

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Seven Bridges Road
Singel av Steve Young
frå albumet Rock Salt & Nails
B-side «Many Rivers»
Utgjeve 1969
Innspelt 1969
Sjanger Country
Lengd 3:22
Selskap Reprise
Låtskrivar(ar) Steve Young
Produsent Paul Tannen
Seven Bridges Road
Singel av Eagles
frå albumet Eagles Live
B-side «The Long Run (live)» (4:08)
Utgjeve 15. desember 1980
Innspelt 28. juli 1980
Sjanger Country
Lengd 3:02
Selskap Asylum 2051
Låtskrivar(ar) Steve Young
Produsent Bill Szymczyk
Eagles-kronologi
«I Can't Tell You Why»
(1980)
Seven Bridges Road «Get Over It»
(1994)


«Seven Bridges Road» er ein song skriven av den amerikanske musikaren Steve Young, spelt inn i 1969 for hans Rock Salt & Nails. Han har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar, mellom anna av Eagles i 1980.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Steve Young var inspirert til å skrive «Seven Bridges Road» under eit opphald i Montgomery i Alabama tidleg i 1960-åra: i følgje Young «viste nokre vener meg ein veg ut av byen...etter du hadde kryssa sju bruer var du i eit område med ein skogsveg. Skjeggvifteblomar hang i trea og det var gamle gardar med gamle gjerde og gravplassar og kyrkjer og bekkar. Det verka som ein Disney-fantasi. Folk drog dit for å kome seg unna alt. Eg trudde venene mine fann på namnet 'Seven Bridges Road', men eg fann seinare ut at han hadde hatt dette namnet i over hundre år.»[1]

Young skreiv «Seven Bridges Road» i midten av 1960-åra. «Seven Bridges Road» var opphavleg ikkje meint for albumet Rock Salt & Nails, då produsenten Tommy LiPuma ikkje ønskte at han skulle spele originale songar, berre tolke andre viser og countrystandarar.[2]

Young sa: «Ein dag var me tom for songar å spele inn i studio...[3]Eg byrja å spele 'Seven Bridges Road'. LiPuma sa 'Du veit eg ikkje vil høyre originale ting. Men [gitaristen] James Burton sa: 'Hei, denne songen er bra og han er klar, la oss spele han inn...[2] Etter han var innspelt innrømde LiPuma at songen var god, original eller ikkje.»[3]Etter Rock Salt & Nails, spelte Young inn songen to gonger til, i 1972 på albumet Seven Bridges Road og i 1978 på No Place to Fall.

Eagles-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Eagles spelte inn «Seven Bridges Road» for Eagles Live, og etterlikna Iain Matthews-versjonen frå 1973. Bandmedlemmet Don Felder, sa at då Eagles først byrja å spele på stadion, varma gruppa opp til konserten i garderoben me å synge «Seven Bridges Road». Kvar konsert opna med at dei fem medlemmane song «Seven Bridges Road» acapella inn i ein enkel mikrofon. Felder hugsa at det «blåste [publikum] bort. Det var alltid ein samlande augneblink, alle fem stemmene kom saman i harmoni.»[4] Etter albumet Hotel California kom ut erstatta tittelsporet «Seven Bridges Road» som konsertopnaren til Eagles.[4] Songen vart henta inn att i 1980 og gjeven ut på Eagles Live i november 1980. Versjonen vart gjeven ut som singel med «The Long Run» (live) som B-side. Singelen nådde 21. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100 og vart den siste topp 40-hitten deira fram til «Get Over It» i 1994. «Seven Bridges Road» vart òg den tredje Eagles-singelen som gjekk inn på Billboard C&W-lista med ein 55. plass.[5]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Interview: Steve Young». Music-Illuminati.com. Henta 17. oktober 2015. 
  2. 2,0 2,1 Einarson, John (2001). Desperados: the roots of countryrock. New York: 1st Cooper Square Press. s. 124. ISBN 978-0-8154-1065-2. 
  3. 3,0 3,1 «American Songwriter». Henta 17. oktober 2015. 
  4. 4,0 4,1 Felder, Don (2008). Heaven and Hell: My Life in the Eagles (1974–2001). Hoboken NJ: John Wiley & Sons. s. a 124 b 181. ISBN 978-0470450420. 
  5. «Eagles chart history». Allmusic. Henta 20. september 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]