Seventh Son of a Seventh Son

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Seventh Son of a Seventh Son
Studioalbum av Iron Maiden
Språk engelsk
Utgjeve 11. april 1988
Innspelt Musicland Studios i München i Tyskland, februar-mars 1988[1]
Sjanger Heavy metal
Lengd 43:51[2]
Selskap EMI
Capitol (US)
Produsent Martin Birch
Iron Maiden-kronologi 
Somewhere in Time
(1986)
Seventh Son of a Seventh Son No Prayer for the Dying
(1990)
Singlar frå Seventh Son of a Seventh Son
  1. «Can I Play with Madness»
    Utgjeve: 20. mars 1988
  2. «The Evil That Men Do»
    Utgjeve: 1. august 1988
  3. «The Clairvoyant (live)»
    Utgjeve: 7. november 1988

Seventh Son of a Seventh Son er det sjuande studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut i 1988 på EMI i Europa og systerselskapet Capitol Records i USA.

Det vart det første albumet til Iron Maiden med klaverinstrument. Som The Number of the Beast og seinare Fear of the Dark, The Final Frontier og The Book of Souls, gjekk det rett inn på toppen av UK Albums Chart. Det var òg fyrste gongen mange av dei progressive rocke-elementa ein finn på seinare album vart nytta her, med lange spor og uvanlege taktar, som på tittelsporet «Seventh Son of a Seventh Son». I tillegg er albumet eit konseptalbum.[3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ideen om å basere albumet på folkeminnekonseptet den sjuande sonen av den sjuande sonen kom til bassisten Steve Harris etter han hadde lese Orson Scott Card-romanen Seventh Son.[4] Harris sa «Det var det sjuande studioalbumet vårt og me hadde ingen titlar eller nokre idear klare. Då eg las soga om den sjuande sonen, denne mystiske figuren som visstnok skal ha desse paranormale gåvene, som ein sjette sans og slikt, så var det mest at det var ein god tittel for det sjuande albumet vårt. Men eg rindge Bruce [Dickinson, vokalisten] og me byrja å snakke om å det og ideen berre voks.»[5]

Etter at låtskrivingsbidraga til Dickinson hadde blitt avviste frå resten av bandet på det førre albumet, Somewhere in Time frå 1986, ølte han hadde rolla hans i bandet hadde blitt svekka, og at han «berre hadde blitt songaren,[6] men eg følte entusiasmen voks igjen då Harris forklarte konseptet for meg. Eg tenkte 'For ein god ide! Glimrande!' Og eg var òg glad for at han faktisk ringde meg for å snakke om ideen og spurte meg om eg hadde songar som kunne passe til temaet. Eg sa noko slikt som 'Nei, men vent ltit så skal eg sjå kva eg kan få til.'»[7] Fleire år snakka Dickinson om albumet og sa «me gjorde nesten noko flott, det var berre halvvegs eit konseptalbum. Det var ikkje noko forsøk på å følgje tråden heile vegen gjennom, slik me burde. Seventh Son... har ikkje ei soge. Det handlar om godt og vondt, himmel og helvete, men gjer ikkje alle Iron Maiden-platene det?»[6]

I tillegg til at Dickinson skreiv fleire av songane på albumet, vart òg fleire av songane skrivne som samarbeid, og fem av åtte låtar var samarbeid. I følgje Harris kom dette av at dei «brukte meir tid på å sjekke kva dei andre gjorde, for sikre at soga passa inn og gjekk ein stad».[8] For å sikre at kvar song passa inn i konseptet, teikna bandet opp ei grunnleggjande soge. Harris sa «det gjorde ikkje akkurat låtskrivinga lettare... eg brukte truleg meir tid på å skrive låtar til dette albumet enn eg hadde gjort før. Men låtane me kom opp med, då me til slutt vart samde om å gå for eit fullt utvikla konseptalbum, overraska meg. Det var så mykje betre enn noko av det me hadde gjort på lang tid...»[8]

Stilmessig er byggjer Seventh Son of a Seventh Son vidare på stilar ein først kan høyre på Somewhere in Time, men i dette tilfellet vart synth-effektane skapte av klaverinstrument og ikkje bass eller gitar-synthesiserar. I følgje Dickinson ønskte ikkje bandet å hyre inn ein klaverspelar, og klaverpartia «var stort sett ein-finger-ting frå Adrian Smith, Steve, lydteknikaren eller andre som hadde ein finger ledig på den tida.»[9] Harris likte utviklinga, trass i at plata ikkje selde like godt som føregangaren i USA;[10] «Eg syns det var det beste albumet me hadde gjort sidan Piece of Mind. Eg var veldig glad i det, fordi det var meir progressivt. Eg synst klaverinstrumenta passa inn glimrande—på grunn av musikken som inspirerte meg då eg voks opp, og eg var så forbanna på amerikanarane, som ikkje verka å akseptere dette. Alle sa sidan at det høyrtes europeisk ut. Eg er ikkje så sikker på det. Kva er eit europeisk album? For meg var det berre eit Maiden-album.»[5]

Seventh Son of a Seventh Son markerte slutten for den første perioden til gitaristen Adrian Smith i bandet.

Albumet gjekk rett inn på toppen av UK Albums Chart (det første albumet deira sidan The Number of the Beast) og nådde i tillegg 12. plassen på albumlista i USA. Singlane deira «Can I Play with Madness», «The Evil That Men Do», «The Clairvoyant (live)» og «Infinite Dreams (live)» nådde høvesvis tredje-, femte-, sjette- og sjetteplassen på UK Singles Chart. Smith meinte «Can I Play with Madness» var «den første ordentlege hitsingelen vår.»[11]

For å marknadsføre albumet, heldt bandet ein kveld med fjernsyn- radio- og presseintervju i Borga Schnellenberg i Attendorn i Tyskland, før albumet kom ut,[12] og spelte eit par «hemmelege» klubb-konsertar, under namnet «Charlotte and the Harlots», i Empire i Köln og L'Amour i New York.[13] I mai la bande tut på ein turné, der dei spelte for meir enn to millionar menneske i løpet av sju månader.[12] I august stod bandet øvst på plakaten på Monsters of Rock-festivalen i Donington Park for første gongen, føre eit publikum på 107 000, det største i historia til Donington,[14] og spelte inn konsertvideoen Maiden England i NEC i Birmingham i november.[15] For å gjenskape klaverinstruemnta på scenen, tok bandet med Michael Kenney, bassteknikaren til Steve Harris, på scenen for å marknadsføre turneen., der han spelte på songen «Seventh Son of a Seventh Son» på ein gaffeltruck med scenenamnet «The Count» (ikledd svart kappe og maske).[11][16][17]

Seventh Son of a Seventh Son og den påfølgande turneen var siste gongen Adrian Smith spelte med bandet før han kom attende i 1999. Gitaristen slutte under førproduksjonen til det neste albumet deira, No Prayer for the Dying, og var misnøgd med den meir «gate-nivå»-retninga bandet tok og sa «eg trudde me var på veg i riktig retning på dei to førre albuma, og den nye retninga kjendest ikkje rett ut for meg.»[18]

Songar[endre | endre wikiteksten]

«The Clairvoyant» var den første songen som vart skriven for albumet. I følgje Steve Harris, var teksten på songen inspirert av dødsfallet til den synske Doris Stokes,[19] då han lurte på om ho kunne føresjå dødsfallet sitt.[20] Harris byrja så å skrive songen «Seventh Son of a Seventh Son», som gav han ideen om lage eit heilt album om ein synsk person.[20]

I følgje Smith, starta songen «Can I Play with Madness» «faktisk som ein ballade eg hadde arbeidd på kalla 'On the Wings of Eagles'. Bruce hadde eit vers for songen, men eg ønskte å endre tittelen til 'Can I Play with Madness.' Eg må innrømme han høyrtes betre ut slik. Så me tok denne og Steve likte han òg. Det var Steve som kom på taktendringa i midten og soloen, som gav songen løftet han trong.»[11] I følgje Dickinson førte biraget til Harris til «ein stor krangel ... Adrian absolutt hata det.»[21]

På dei andre songane på allbumet skreiv Metal Hammer at «Moonchild» er laust basert på Aleister Crowley-romanen med same namn, medan «Infinite Dreams» handlar om ein person som «tryglar ein spiritist om å tyde mareritta hans»,[22] medan Sputnikmusic skriv at songen òg handlar om «røyndom, livet etter døden og meininga med livet».[23] Den siste låten, «Only The Good Die Young», avslutta historia[23] og vart sidan nytta i ein episode av TV-serien Miami Vice i 1980-åra.[24] Plata opnar og slutta på same måte med eit kort akustisk stykke med to vers,[8] skriven av Dickinson,[19] som i følgje Sputnikmusic, «peikar fram til ulukke og nederlag for hovudpersonen» og «oppsummerer albumet».[23]

«The Evil That Men Do», «The Clairvoyant» og «Can I Play with Madness» er dei songane som er blitt spelt oftast på konsertane til bandet etter Seventh Tour of a Seventh Tour.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

I følgje Rod Smallwood, manageren til bandet, fekk Derek Riggs, den faste plateomslagsdesigneren til bandet, ei melding som var ulik dei han hadde fått for tidlegare album, å skape «noko enkelt, surrealistisk og jævlig merkeleg».[25] Riggs sa at «dei ønskte nokre av dei meir surrealistiske greiene mine. Det var meldinga eg fekk ... eg hadde lita tid til å lage omslaget, og eg tenkte det var eit rart konsept, så eg laga berre noko basert på det.»[25]

Dickinson var involvert i plateomslaget[26] og sa at han hadde ein idé om eit bilete frå eit polart landskap, som han kan ha fått då han synte Riggs eit stykke av Gustave Doré, so syner forrædarar som er frosne fast i isen i den niande sirkelen i Dante sitt Inferno.[27] Riggs har derimot sagt at settinga vart vald fordi han «kan ha sett ein dokumentar om Nordpolen eller noko slikt ... eg ønskte noko anna enn eit bybiletet og slike ting. Det handla om profeti og om å sjå inn i framtida, og eg ønskte noko fjernt. Og dei så, på baksida, 'Kan du stikke alle dei andre Eddie-ane i isen? Så eg gjorde det.»[26]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[3]
Kerrang!5/5[28]
Collector's Guide to Heavy Metal6/10[29]
Rock Hard9.0/10[30]
Sputnikmusic4.0/5[23]

Albumet har fått god kritikk sidan det kom ut, og AllMusic har gjeve det 4,5 av 5, og sa at med å tilføre klaverinstrument «hentar dei attende det som stundom manglar i den meir elegante produksjonen frå dei tidlegare albuma» og at det «er av dei beste albuma deira.»[3] Sputnikmusic gav albumet 4 av 5 og sa «bandet har hatt betre plater, som Powerslave og Somewhere in Time», men hevda at «tekstane er dei beste Maiden har skrive.»[23] I 2005 vart albumet rangert på 305. plassen på lista til Rock Hard over dei 500 beste rock- og metal-albuam gjennom tidenen.[31]

Sjølv om Geoff Barton skriv at nyare meldingar har «ein definitiv reaksjon mot at Maiden la veg på prog-rock-tendensane sine» og at «ein kritikar slakta Maiden for Seventh Son... og skulda dei for å ha gått attende til Genesis-aktig progrock frå 1970-åra»,[9] så var Kerrang! ekstremt positive då albumet kom ut, og gav det full score og skreiv at «med Seventh Son of a Seventh Son har Iron Maiden gjeve rocken attende retning og stoltheit» og at plata «vil etter kvart bli hylla på lik linje med tidlegare milepålar som Tommy, Tubular Bells og [The] Dark Side of the Moon[28]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Moonchild»Adrian Smith, Bruce Dickinson5:38
2.«Infinite Dreams»Steve Harris6:08
3.«Can I Play with Madness»Smith, Dickinson, Harris3:30
4.«The Evil That Men Do»Smith, Dickinson, Harris4:33
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Seventh Son of a Seventh Son»Harris9:52
6.«The Prophecy»Dave Murray, Harris5:04
7.«The Clairvoyant»Harris4:26
8.«Only the Good Die Young»Harris, Dickinson4:40
Total lengd:43:51
Bonus-CD med 1995-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Black Bart Blues»Harris, Dickinson6:41
2.«Massacre» (Thin Lizzy-song)Phil Lynott, Scott Gorham, Brian Downey2:53
3.«Prowler '88»Harris4:07
4.«Charlotte the Harlot 88»Murray4:11
5.«Infinite Dreams» (live)Harris6:03
6.«The Clairvoyant» (live)Harris4:27
7.«The Prisoner» (live)Smith, Harris6:09
8.«Killers» (live)Harris, Paul Di'Anno5:03
9.«Still Life» (live)Murray, Harris4:38

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget.[2][32]

Iron Maiden
Produksjon

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Land Liste (1988) Plassering
Austerrike Ö3 Austerrike Topp 40 6[33]
Finland Den finske albumlista 1[34]
Tyskland Media Control Charts 4[35]
Japan Oricon 39[36]
Nederland MegaCharts 2[37]
New Zealand RIANZ 3[38]
Noreg VG-lista 3[39]
Sverige Sverigetopplistan 2[40]
Sveits Hitparade 2[41]
Storbritannia Offisiell albumliste 1[42]
USA Billboard 200 12[43]
Land Liste (2010) Plassering
Hellas IFPI Hellas 45[44]
Land Liste (2013) Plassering
Finland Den finske albumlista 40[45]
Tyskland Media Control Chart 96[46]
Noreg VG-lista 25[39]
Sverige Sverigetopplistan 32[40]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Singel Liste (1988) Plassering
«Can I Play with Madness» Den nederlandske singellista 6[47]
Den tyske singellista 23[48]
Irish Singles Chart 3[49]
VG-lista i Noreg 4[50]
Sverigetopplistan 12[51]
Den sveitisiske singellista 23[52]
UK Singles Chart 3[53]
«The Evil That Men Do» Den nederlandske singellista 23[54]
Irish Singles Chart 4[49]
Noreg 7[55]
UK Singles Chart 5[56]
«The Clairvoyant» Irish Singles Chart 7[49]
UK Singles Chart 6[57]
Singel Liste (1989) Plassering
«Infinite Dreams» Irish Singles Chart 6[49]
UK Singles Chart 6[58]
Singel Liste (1990) Plassering
«Can I Play With Madness / The Evil That Men Do» UK Albums Chart[merk 1] 10[59]
«The Clairvoyant / Infinite Dreams» 11[60]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nyutgjeving av alle fire singlane som ein del av plateboksen The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[61] Platina 100 000^
Tyskland (BVMI)[62] Gull 250 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[63] Gull 25 000x
Storbritannia (BPI)[64] Gull 100 000^
USA (RIAA)[65] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wall, Mick (June 2000). «The Iron Age». Classic Rock (15): 44–47. 
  2. 2,0 2,1 Seventh Son of a Seventh Son. Iron Maiden. EMI. 11 April 1988. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Huey, Steve. Seventh Son of a Seventh SonAllmusic. Henta 24. august 2016.
  4. Popoff, Martin (2005). «Commercial Break!». Metal Hammer presents: Iron Maiden 30 Years of Metal Mayhem: 108–109. 
  5. 5,0 5,1 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 264. ISBN 1-86074-542-3. 
  6. 6,0 6,1 O'Regan, Denis. «Running Free». Kerrang! Legends (2): 103. 
  7. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 265. ISBN 1-86074-542-3. 
  8. 8,0 8,1 8,2 Wall, Mick (16. april 1988). «Plucky Seven». Kerrang! (183): 44. 
  9. 9,0 9,1 Barton, Geoff (2005). «Commercial Break». Metal Hammer presents: Iron Maiden 30 Years of Metal Mayhem: 106. 
  10. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 263. ISBN 1-86074-542-3. 
  11. 11,0 11,1 11,2 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 266. ISBN 1-86074-542-3. 
  12. 12,0 12,1 Wall, Mick (16. april 1988). «Plucky Seven». Kerrang! (183): 45. 
  13. Smolden, Michael (October 1988). «Iron Maiden Plays the Numbers.». Guitar World: 34. Henta 29. august 2016. 
  14. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 269. ISBN 1-86074-542-3. 
  15. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 272. ISBN 1-86074-542-3. 
  16. «Michael Kenney – the Man Behind the Maiden». Keyboard. Henta 29. august 2016. 
  17. Johnson, Howard (20 August 1988). «Waiting for the (Seventh) Son». Kerrang! (201): 12. 
  18. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 286. ISBN 1-86074-542-3. 
  19. 19,0 19,1 Baddeley, Gavin (April 2013). «The Prophecy». Metal Hammer (242): 48–49. 
  20. 20,0 20,1 «The History of Iron Maiden part 3». Maiden England '88 (DVD). EMI. 25 March 2013. 
  21. Popoff, Martin (2005). «Pop Goes Eddie». Metal Hammer presents: Iron Maiden 30 Years of Metal Mayhem: 108. 
  22. Popoff, Martin (2005). «Bastard Offspring». Metal Hammer presents: Iron Maiden 30 Years of Metal Mayhem: 106. 
  23. 23,0 23,1 23,2 23,3 23,4 Stagno, Mike (4 June 2006). «Iron Maiden – Seventh Son of a Seventh Son». Sputnikmusic. Henta 29. august 2016. 
  24. «Iron Maiden». Internet Movie Database. 1988. Henta 29. august 2016. 
  25. 25,0 25,1 Popoff, Martin (2006). Run for Cover: The Art of Derek Riggs (1 utg.). Aardvark Publishing. s. 98. ISBN 1-4276-0538-6. 
  26. 26,0 26,1 Popoff, Martin (2006). Run for Cover: The Art of Derek Riggs (1 utg.). Aardvark Publishing. s. 99. ISBN 1-4276-0538-6. 
  27. «Heavy Metal». Arena. 17 April 1989. BBC 2. 
  28. 28,0 28,1 Welch, Chris (16. april 1988). «Seventh Son... Eighth Wonder». Kerrang! (183): 18. 
  29. Popoff, Martin (November 1, 2005). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 2: The Eighties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 172. ISBN 978-1-894959-31-5. 
  30. Kühnemund, Götz. «Iron Maiden – 7th Son of a 7th Son». Rock Hard (på tysk) (26). Henta 29. august 2016. 
  31. Rock Hard (2005). Michael Rensen, red. Best of Rock & Metal die 500 stärksten Scheiben aller Zeiten (på tysk). Königswinter: Heel. s. 90. ISBN 3-89880-517-4. 
  32. Seventh Son of a Seventh Son Remastered. Iron Maiden. EMI. 1998. 
  33. «Iron Maiden – Seventh Son of a Seventh Son». Ö3 Austria. Austriancharts.at. Henta 29. august 2016. 
  34. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1. utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 166. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  35. «Iron Maiden – Seventh Son of a Seventh Son». Media Control Charts (på tysk). charts.de. Henta 29. august 2016. 
  36. «Iron Maiden – Seventh Son of a Seventh Son» (på japansk). Oricon. Henta 11 November 2014. 
  37. «Iron Maiden – Seventh Son of a Seventh Son (album)». MegaCharts (på nederlandsk). Dutchcharts.nl. Henta 22. august 2016. 
  38. «Iron Maiden – Seventh Son of a Seventh Son (album)». Recording Industry Association of New Zealand. Charts.org.nz. Arkivert frå originalen 11. november 2012. Henta 22. august 2016. 
  39. 39,0 39,1 «Iron Maiden – Seventh Son of a Seventh Son». VG-lista. Norwegiancharts.com. Henta 29. august 2016. 
  40. 40,0 40,1 «Iron Maiden – Seventh Son of a Seventh Son». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. Henta 29. august 2016. 
  41. «Iron Maiden – Seventh Son of a Seventh Son». Hitparade. Henta 29. august 2016. 
  42. «Iron Maiden – UK Chart History». Official Charts Company. Henta 23 November 2012. 
  43. «Iron Maiden – Seventh Son of a Seventh Son». Billboard. Henta 29. august 2016. 
  44. «Iron Maiden – Seventh Son of a Seventh Son (album)». IFPI Hellas. Greekcharts.com. Arkivert frå originalen 23. oktober 2013. Henta 22. august 2016. 
  45. «Iron Maiden – Seventh Son of a Seventh Son (album)». Den finske albumlista. Finnishcharts.com. Henta 22. august 2016. 
  46. «Iron Maiden > Longplay-Chartverfolgung». Musicline (på tysk). PhonoNet GmbH. Arkivert frå originalen 17. oktober 2012. Henta 13 June 2011. 
  47. «Iron Maiden – 'Can I Play with Madness'». MegaCharts. Henta 29. august 2016. 
  48. «Iron Maiden Single-Chartverfolgung». Media Control Charts (på tysk). Musicline.de. Arkivert frå originalen 17. oktober 2012. Henta 29. august 2016. 
  49. 49,0 49,1 49,2 49,3 «Irish Charts Archive». IRMA. irishcharts.ie. Henta 29. august 2016. 
  50. «Iron Maiden – 'Can I Play with Madness'». VG-lista. Norwegiancharts.com. Henta 29. august 2016. 
  51. «Iron Maiden – 'Can I Play with Madness'». Sverigetopplistan. swedishcharts.com. Henta 29. august 2016. 
  52. «Iron Maiden – 'Can I Play with Madness'». Hitparade. Henta 29. august 2016. 
  53. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 2 April 1988». Official Charts Company. Henta 29. august 2016. 
  54. «Iron Maiden – 'The Evil That Men Do'». MegaCharts. Henta 29. august 2016. 
  55. «Iron Maiden – 'The Evil That Men Do'». VG-lista. Norwegiancharts.com. Henta 29. august 2016. 
  56. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 20 August 1988». Official Charts Company. Henta 29. august 2016. 
  57. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 26 November 1988». Official Charts Company. Henta 29. august 2016. 
  58. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 25 November 1989». Official Charts Company. Henta 29. august 2016. 
  59. «Top 40 Offisiell albumliste UK Archive 21 April 1990». Official Charts Company. Henta 29. august 2016. 
  60. «Top 40 Offisiell albumliste UK Archive 28 April 1990». Official Charts Company. Henta 29. august 2016. 
  61. «Canadian album salstrofé – Iron Maiden – Seventh Son of a Seventh Son». Music Canada. 27 May 1988. Henta 29. august 2016. 
  62. «Gold-/Platin-Datenbank (Iron Maiden; 'Seventh Son of a Seventh Son')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 29. august 2016. 
  63. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Iron Maiden; 'Seventh Son of a Seventh Son')». Hung Medien. Henta 29. august 2016. 
  64. «British album salstrofé – Iron Maiden – Seventh Son of a Seventh Son». British Phonographic Industry. 14 April 1988. Henta 29. august 2016.  Enter Seventh Son of a Seventh Son in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  65. «American album salstrofé – Iron Maiden – Seventh Son of a Seventh Son». Recording Industry Association of America. Henta 29. august 2016.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH