Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict
Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict Song av Pink Floyd frå albumet Ummagumma | ||
Utgjeve | 25. oktober 1969 (Storbritannia) 10. november 1969 (USA) | |
Innspelt | 2. mai 1969 | |
Sjanger | Eksperimentell[1] | |
Lengd | 4:59 | |
Selskap | Harvest Records | |
Komponist | Roger Waters | |
Tekstforfattar | Roger Waters | |
Låtskrivar(ar) | Roger Waters | |
---|---|---|
Produsent | Norman Smith |
«Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict» er eit musikkstykke skriven og framført av Roger Waters frå Pink Floyd-albumet Ummagumma.[2][3] Det er den lengste tittelen på songane deira.
Lyd og innspeling
[endre | endre wikiteksten]Sporet består av fleire minuttar med lydar som liknar på gnagarar og fuglar. Med hjelp av forskjellige teknikar, simulerte Waters desse lydane med røysta si,[4] som å tappe på mikrofonen ved forskjellig snøggleik. Dette vert etterfølgd av Waters som les nokre strofer med overdriven skotsk aksent med kraftig R.[5][6]
Piktane, eller picts på engelsk var eit urfolk i det som no er Skottland, som vart fletta saman med skottar.
Det er ei løynd melding i songen kring 4:32. Spelt på halv snøggleik kan ein høyre Waters sei «That was pretty avantgarde, wasn't it?»[7] Heilt i slutten av talen an ein òg høyre Waters sei «Thank you.»
Eit lite klipp av desse effektane an ein òg høyre i den andre songen til Waters på Ummagumma, «Grantchester Meadows».
« | «Det er eigentleg ingenting. Det er konkret poesi. Det var lydar eg laga med stemma og hendene, alt var menneskeskapt - ingen musikalske instrument.» | » |
—Roger Waters - University of Regina Carillon-intervju, oktober 1970[8] |
I populærkulturen
[endre | endre wikiteksten]Man or Astro-man? har ein song kalla «Many Pieces of Large Fuzzy Mammals Gathered Together at a Rave and Schmoozing with a Brick», som er basert på denne songen.
Eit sitat i Karl Edward Wagner-romanen Bloodstone (1975) omtalar songen: «several species of small furry animals gathered together in cave and grooving with a pict.»
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Roger Waters – vokaliseringar og lydbandeffektar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juni 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Guesdon, Jean-Michel; Margotin, Philippe (24. oktober 2017). Pink Floyd All the Songs: The Story Behind Every Track. Running Press. s. 592. ISBN 0316439231.
- ↑ Strong, Martin C. (2004). The Great Rock Discography (7th utg.). Edinburgh: Canongate Books. s. 1177. ISBN 1-84195-551-5.
- ↑ Mabbett, Andy (1995). The Complete Guide to the Music of Pink Floyd. London: Omnibus Press. s. 28. ISBN 0-7119-4301-X.
- ↑ Manning, Toby (2006). «The Albums». The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. s. 161. ISBN 1-84353-575-0.
- ↑ Blake, Mark: Pigs Might Fly - The Inside Story of Pink Floyd, s. 136, 2007, Aurum
- ↑ Povey, Glen: The Complete Pink Floyd - The Ultimate Reference, s. 133, 2016, Carlton
- ↑ From Abracadabra to Zombies, The Skeptic's Dictionary.
- ↑ University of Regina Carillon Interview, Pink-Floyd.org.