Severin Brørby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Severin Brørby

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. november 1932
Hønefoss
Død

5. mars 2001 (68 år)
Jevnaker

Yrke glasskunstner
Severin Brørby på Commons

Severin Petter Brørby (19. november 19325. mars 2001) var ein norsk glaskunstnar og formgjevar fødd på Hønefoss.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole. Fagutdanna gravør.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Han vart tilsett ved Hadeland Glassverk i 1956. Der formgav han kunstglas i K-glass programmet til Hadeland. Nummera hans i K-glass-serien er 7000-serien, det vil seie kunstglasverk gravyrmerka Hadeland 7XXX under botnen. Dei merka også ting SB. I tillegg til kunstglas formgav han mellom anna bruksglasserien Furu som dei framleis lagar på Hadeland, og ein serie glaskrukker med blått lokk som heitte Barbara og ein serie skåler, fat og vasar som heitte Marina. I 1984 slutta han ved Hadeland og fekk seg eiga glashytte på Åmot i Modum. Der laga han glas som var friare i både form og fargeval enn på Hadeland, med mjukare former og større preg av å vere handlaga. Desse er merka "Severin" og det vart også brukt etikettar der det stod Severin.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Representert ved desse samlingane[endre | endre wikiteksten]

Mellom anna:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]