Severin Eskeland (1880-1964)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Severin Eskeland (1880-1964)
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. mars 1880
Stord kommune
Død

18. juli 1964 (84 år)
Stord kommune

Yrke politikar, skribent, biograf
Politisk parti Venstre
Born Ivar Eskeland

Lars Severin Eskeland (31. mars 188018. juli 1964) var ein norsk lærar, forfattar, journalist og politikar. Han var særleg kjend som folketalar og for sine lærebøker og ordbøker.

Severin Eskeland var far til Ivar Eskeland, og yngre bror til Lars Eskeland. Han var fødd på Stord i Hordaland og døydde same staden.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Eskeland kom tidleg med i kulturelt og praktisk opplysningsarbeid. Han heldt foredrag og skreiv avisartiklar allereie medan han var gymnaselev. I tida 1896-98 var han journalist i Den 17de Mai. Seinare var han styrar i bladtiltaket For Bygd og By i perioden 1915-19, og styrar av tidsskriftet Den 7de Juni i 1929-30.

Eskeland avla lærareksamen i 1900. Tre år seinare vart han student, studerte norsk og historie ved universitetet i Oslo. Frå 1905 arbeidde han som vikar på lærarskule, i 1908 vart tilsett lærar i Levanger. 1915 vart han lærar i Kristiansand. Eskeland var så rektor ved Stord lærarskule frå 1917 til 1950, med unnatak for 1941-45 då han var avsett av nazistyret. I lærarskulen fann han ei rik arbeidsmark for sin poetiske givnad.

Arbeidet for ein norskare og heimslegare språkkultur la Eskeland stor vekt på. Seigaste vinna med målskiftet i skulen var å skaffe lærebøker. Eskeland skreiv difor fleire lærebøker, best kjend var Reglar og rettleidingar i norsk målbruk (1904). Dette verket kom i mange utgåver. Saman med ulike andre forfattarar skreiv han lærebøker i fysikk, gammalnorsk (1910, i samarbeid med Lars Knutson Liestøl) og trebandsverket Lærebok i heimssoge (1922-26, saman med Arne Bergsgård). Han og broren Lars stod bak Lesebok for ungdomsskulen (=folkehøgskulen) som kom i 1912.

Eskeland stod for ei rekke omsetjingar frå andre språk, så som gammalnorsk, tysk, engelsk og fransk. Han var kjend for si stilistiske evne, og hans vare sans for folkeleg ordleggjingsmåte kjem til sin fulle rett i desse verka. Han skreiv elles biografiar om Rasmus Løland (1910), Thomas von Westen (1923), Lenin (1929) og Thomas More (1944).

Tillitsverv[endre | endre wikiteksten]

Eskeland var nestformann i Noregs Mållag 1915-18, og formann i Norsk Måldyrkingslag 1947-50.

Han var ordførar i Stord 1935-40.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok, IV. Bandet. 1952.