Severin Roald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Severin Roald
Severin Roald - 1897 - L. Szacinski (firmaet) - Oslo Museum - OB.SZ05807.jpg
Fødd 28. april 1858
Vigra kommune
Død

3. april 1898
Kristiania

Yrke skodespelar
Severin Roald på Commons
Portrett av Severin Roald frå Folkebladet nr. 10 1898

Severin Roald (18581898) var ein norsk skodespelar frå VigraSunnmøre. Før han byrja som skodespelar arbeidde han som telegrafist i Sandefjord, Bergen og Kristiania. Det var først etter mora sin død i 1881 at han valte å satse på ei karriere innan teater.

I byrjinga sleit Roald med å få roller, men etter å ha fått hjelp av Bjørn Bjørnson, som var teatersjef på Christiania Theater og son av Bjørnstjerne Bjørnson, fekk han tilbod om jobb. Han debuterte med ei rolle i «Maria Stuart i Skottland» av Bjørnstjerne Bjørnson. Han fekk gode kritikkar for rolletolkinga si, og vart raskt populær. Populariteten førte han ut i ei krise, noko som fekk Roald til å reise heim att til heimstaden Vigra. Seinare arbeidde han ved Bergens Theater under Gunnar Heiberg, der han i løpet av 8 år spelte til saman 170 roller. Deretter arbeidde han ein stutt periode ved Carl Johan Theater i Kristiania, før han vende attende til Christiania Theater. Der fekk han si største rolle som Byggmester Solness i Henrik Ibsen sitt drama med same tittel. Då Ibsen ei tid seinare vart 70 år gammal, vart det markert med ei ekstra framsyning av stykkjet med Roald i hovudrolla. To veker seinare døydde Roald av ukjende årsaker, 40 år gammal. Seinare vart det reist ei statue av han på vestsida av Gamle Aker kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Oddgeir Bruaset: Arven: ei vandring i sunnmørsk kulturhistorie del II, s. 140-141 – Skyline, 2008. ISBN 978-82-91385-48-8.