Hopp til innhald

Severomorsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Severomorsk
Североморск
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Oblast Murmansk
Areal 60 km²
Folketal 43 394 (2023)
Grunnlagd 1896
 •  Bystatus 1951
Postnummer 18460x
Retningsnummer (+7)81537
Kart
Severomorsk
69°04′09″N 33°25′00″E / 69.069166666667°N 33.416666666667°E / 69.069166666667; 33.416666666667
Wikimedia Commons: Severomorsk

Severomorsk (russisk Североморск) er ein by i Murmansk Oblast i Russland, kring 25 km nord for Murmansk ved Murmanskfjorden. Her er den russiske Nordflåten sitt administrative hovudkvarter. Severomorsk har Kolahalvøya sin største tørrdokk. Dette er truleg grunnen til at han er ein lukka by, ein må ha eige løyve for å vitje byen. Dette gjeld òg russarar som ikkje bur der.

Hamna i Severomorsk

Byen vart grunnlagd i 1896 med namnet Vajenga. Tettstaden fekk bystatus i 1951 og fekk samstundes det nye namnet Severomorsk.

Saman med småbyane Rosljakovo, Safonovo, Safonovo-1, Severomorsk-3 og Sjtsjukozero har Severomorsk eit folketal på kring 53 800 innbyggjarar (2002).

Sør-Varanger kommune er den norske venskapskommunen til Severomorsk.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Severomorsk