Sevilla FC

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lagoppstillingane til finalen i UEFA-cupen 2007 mellom Sevilla (raude) og Espanyol (blåkvite) i Glasgow

Sevilla Fútbol Club er ein fotballklubb i Sevilla i Andalusia i Spania. Klubben spelar i Primera Division, toppdivisjonen i Spania. Sevilla FC vart skipa 14. oktober 1905 og spela 1934/35-sesongen for fyrste gong på spansk toppnivå.

Sevilla gjekk til topps i UEFA-cupen både i 2006 og 2007. Klubben vann sitt einaste seriemeisterskap i 1946. Fem gongar har Sevilla vunne den spanske cupmeisterskapen, siste gongen i 2010.

Klubben spelar heimekampane på Estadio Ramón Sánchez Pizjuán i bydelen Nervión i Sevilla. Stadion har ein tribunekapasitet på 45 500. Laget spelar i kvite trøyer og bukser, og har ein sterk byrival i Real Betis.

Spelarstall[endre | endre wikiteksten]

Namna i tabellen var oppdaterte (30. juli 2020), sist endra i august 2020.[1][2][3][4]

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Det tsjekkisk flagget K Tomáš Vaclík
3 Flagget til Spania F Sergi Gómez
5 Flagget til Argentina MB Lucas Ocampos
10 Flagget til Argentina MB Éver Banega (overgang til Al-Shabab 6. oktober 2020)
11 Flagget til Spania A Munir El Haddadi
12 Flagget til Frankrike F Jules Koundé
13 Flagget til Marokko K Bono (på lån frå Girona)
14 Flagget til Spania A Suso
15 Flagget til Marokko A Youssef En-Nesyri
Nr. Posisjon Spelar
16 Flagget til Spania F Jesús Navas
17 Flagget til Serbia MB Nemanja Gudelj
18 Flagget til Spania F Sergio Escudero
19 Det nederlandske flagget A Luuk de Jong
20 Flagget til Brasil F Diego Carlos
21 Flagget til Spania MB Óliver Torres
22 Flagget til Italia MB Franco Vázquez
23 Flagget til Spania F Sergio Reguilón (på lån frå Real Madrid)
24 Flagget til Spania MB Joan Jordán
25 Flagget til Brasil MB Fernando
31 Flagget til Spania K Javi Díaz

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Primer Equipo. Vitja 30. juli 2020
  2. Primer Equipo
  3. #10 Éver Banega. Vitja 12. august 2020
  4. #14 Suso. Transfermarkt. Vitja 12. august 2020