Sexy Sadie
Sexy Sadie Song av The Beatles frå albumet The Beatles | ||
Utgjeve | 22. november 1968 | |
Innspelt | 19. og 24. juli, 13. og 21. august 1968, EMI Studios, London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:15 | |
Selskap | Apple | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
«Sexy Sadie» er ein song av The Beatles frå albumet The Beatles (White Album) frå 1968. Han er skriven av John Lennon, men på vanleg vis tilskriven Lennon/McCartney.
John Lennon skreiv songen i India etter at han vart skuffa over at meditasjonslæremeisteren deira, Maharishi Mahesh Yogi, la seg etter ei av kvinnene i følgjet. I 1980 fortalte Lennon om bakgrunnen til songen:
- Songen var inspirert av Maharishi. Eg skreiv han då vi hadde pakka koffertane og var klar til å reise. Det var det siste eg skreiv før vi forlet India. Eg rett og slett kalla han for 'Sexy Sadie' i staden for 'Maharishi what have you done, you made a fool...' Eg var i stemning til å skrive ein song, ganske kalkulert, men den uttrykte òg det eg følte. Eg forlet Maharishi med ein dårleg smak i munnen.[1]
Ein del av songen «Sexy Sadie» vart lånt av gruppa Radiohead til songen deira «Karma Police» på albumet OK Computer. Ei spansk gruppe har teke bandnamnet sitt frå songtittelen.
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- John Lennon – solo- og harmonivokal, rytmegitar, Hammondorgel
- George Harrison – sologitar, korvokal
- Paul McCartney – piano, bassgitar, korvokal
- Ringo Starr – trommer, tamburin
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Songteksten Arkivert 2005-08-29 ved Wayback Machine.
- Alan W. Pollack om «Sexy Sadie»
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Sexy Sadie» frå Wikipedia på bokmål, den 9. februar 2009.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Sheff, David (2000). All We Are Saying: The Last Major Interview with John Lennon og Yoko Ono. Macmillan. s. 191. ISBN 0-312-25464-4.